Dobling etter korona stenging
POPULÆRT: Restauranten Maluns i Ulsteinvik har dobla inntektene i sommarmånadene samanlikna med sommaren 2018. 
Nytt

Dobling etter korona-stenging

- Etter 17. mai har det berre eksplodert, seier Anita Louise Muren hos restauranten Maluns i Ulsteinvik.

27.07.2020
Fleire gjestar som kvar legg at meir pengar er den enkle oppskrifta på korleis Maluns har har dobla driftsinntektene i sommarmånadene, som er den viktigaste sesongen i året for restauranten.
Då tiltaka mot koronaepidemien vart innført i mars stengde Maluns dørene i to månader, men etter gjenopninga har gjestane strøyma på.
Det er pengar som var sett av til ferie i utlandet som er ein av grunnane til oppsvinget, meiner Anita Louise Muren.
- Nordmenn ferierer i Noreg. Dei brukar pengane sine til å kose seg her, seier ho.

Starta i 2017

Sambuarparet Anita Louise Muren og Stephan Frei flytta til Ulsteinvik og opna Maluns Restaurant i lokala som tidlegare husa kaféen Kaffikari hausten 2017 etter å ha drive hotell i Sveits i sju år.
I første heile driftsår, i 2018, gjekk restauranten i minus, men i fjor blei det plussresultat (Sjå tabell).


Publisert: 27.07.2020 13:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:00