DOF faar meir tid
NY FRIST: Forhandlingane om ei refinansiering av DOF og DOF Subsea kom ikkje i mål innan den førebels siste fristen, 15.desember.
Nytt

DOF får meir tid

Fristen for refinansieringsforhandlingane flytta til 31. januar neste år.

15.12.2020
Offshorereiarlaget DOF og datterselskapet DOF Subsea skulle vere i mål med ei refinansiering av selskapa i dag. Det gjekk ikkje, og no har selskapa og sentrale obligasjonslångivarar blitt samde om ein ny frist, 31. januar 2021.

DOF og DOF Subsea har fått utsett fristen fleire gangar før, sist i september i år.

Fire milliard i minus

Forhandlingane om ei refinansiering blei ekstra vanskeleg på grunna av priskrigen i oljemarknaden og konsekvensane av koronaepidemien.
I første kvartal i år gjorde kansellerte kontraktar og kundar som ville reforhandle avtalar, saman med forverringa av marknaden på grunn av koronaepidemien, at DOF skreiv ned verdien av flåten med 1,5 milliardar kroner. Det medverka til at resultatet før skatt blei minus 4,2 milliardar kroner.

DOF har ein flåte på 67 skip. Møgsterfamilien på Austevoll er største aksjonær. Dei er og største aksjonær i sjømatselskapet Lerøy Seafood Group.

Publisert: 15.12.2020 11:09

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:08