DOF-konkurs
Har opna konkurs i eitt Noregs største offshoreiarlag.
Hordaland tingrett har opna konkurs i det børsnoterte morselskapet i DOF ASA.
Det er venta av bubestyrar vil ta kontakt med kreditorane for å oppretthalde drifta i dei andre selskap i DOF-konsernet, skriv selskapet i ei børsmelding.
Målet er at ingen kundar eller tilsette skal bli råka av konkursen, samstundes som arbeidet med å refinansiere verksemda i konsernet - med unntak av morselskapet - kan halde fram.
Mislukka refinansiering
DOF-konsernet har ein flåte på 15 offshorefartøy; 29 subseafartøy, 15 ankerhandteringsfartøy og 11 forsyningskip.
Konkursopninga er den førebelse slutten på ein langvarig prosess for å refinansiere selskapet, som har hatt Møgsterfamilien på Austevoll som storaksjonær.
I desember i fjor vart styret i selskapet skifta ut etter strid mellom eigarane om framlegget til refinansiering. Dei som sto bak kravet om skifte av styret meinte DOF sto sterkare økonomisk enn den refinansieringsplanen som låg på bordet la til grunn.
"Det er synd for aksjonærene at de nå taper alt som følge av motstanden fra denne aksjonærgruppen, og «ekstraomgangen» med nytt styre medførte jo bare tap av tid og mye ekstra kostnader, seier tidlegare styreleiar Hans Olav Lindal til Finansavisen i dag.
Publisert: 02.02.2023 11:25
Sist oppdatert: 02.02.2023 17:53