DOF tek over Olympic baatar
TIL DOF: Olympic Hera 
Nytt

DOF tek over Olympic-båtar

Skal drive "Olympic Hera" og "Olympic Commander" etter sal frå Nordea.

08.02.2017
"Olympic Hera" og "Olympic Commander" er to av dei tre skipa som Nordea tok over i samband med refinansieringsløysinga for offshorereiarlaget Olympic Ship.
Banken ville ikke bli med på heile avtalen som resten av kreditorane og selskapet kom fram til, men tok heller over "Olympic Poseidon" og dei to skipa som no er selde.
Olympic Commander er eit fleirbruksskip, som kan ta både forsyningsskip- og ankerhandteringsoppgåver. Det er bygd i 2012.
Olympic Poseidon og Olympic Hera er ankerhandteringsfarty, bygd i høvesvis 1998 og 2009. Olympic Hera er også utrusta for konstruksjonsoppdrag.

Anonym kjøpar

I følgje børsmeldinga frå DOF er det er ikkje DOF som er kjøparen, men eit "eit norsk selskap, ikkje eigd av DOF", som har kjøpt skipa.
Drifta er det derimot DOF som skal stå for, og DOF har også ein rett til å kjøpe skipa seinare til ein pris som svarar til gjelda eller cirka 50-60 prosent av den opprinnelege byggekostnaden.

Ville leige frå Olympic

Olympic Commander blir døypt om til Skandi Darwin og skal settast inn i ein kontrakt med Shell i Asia.
, og kan forlengast i to pluss to år.
I fjor var DOF i kontakt med Olympic for å forhøyre seg om ei mogleg leige av Olympic Commander til bruk i det oppdraget som skipet no skal settast inn i. Det stadfestar finansdirektør John Arne Winsnes i Olympic.
Olympic Hera blir døypt om til Skandi Hera og blir i første omgang sett inn i spotmarknaden.


Publisert: 08.02.2017 10:14

Sist oppdatert: 31.03.2021 10:41