Domsteins boerseventyr er ute
EXIT: Tysdag 4. okotber er siste dag Domstein ASA i Måløy er eit børsnotert selskap.
Nytt

Domsteins børseventyr er ute

Domstein er ikkje lenger eit børsnotert selskap.

03.11.2014
Oslo Børs har i dag godkjent søknaden om å stryke Domstein ASA frå Oslo Børs.
Domstein-brødrene Rolf, Knut Magne og Gunnar har sidan i vår arbeidd for å kjøpe ut resten av eigarane, og ta selskapet av børs.
No er dei i mål.

Ny framgangsmåte

Planen bak å ta Domstein ASA av børs, har heile tida å vore å dele selskapet.
Kverva, som er investeringselskapet til storaksjonær og Salmar-gründer Gustav Witzøe, overtek Domstein ASA si fiskemat-verksemd i Sverige, medan Domstein-brødrene skal drive resten av selskapet vidare gjennom familieselskapet R. Domstein & Co.
Domstein-brødrene fekk i sommar ikkje mange nok av aksjonærane med på å takke ja på det opphavlege bodet på 10 kroner pr. aksje.

Lenger veg

Brødrene gav ikkje opp, men starta på ein lenger veg for å kome i mål.
Dei kjøpte alle aksjane dei kunne få tak i, og passerte 70 prosent eigerskap.
Deretter kjøpte Domstein ASA Kverva sin aksjepost på 81,6 prosent i fiskematprodusenten Lofotprodukter for 245 millionar kroner.
Betalinga til Kverva skjedde ved at Domstein ASA utstedte nye aksjar i selskapet (til 10 kroner pr. aksje), som blei verdsette til tilsvarande beløp.
Samstundes forplikta familieselskapet R. Domstein seg til å kjøpe dei nye aksjane frå Kverva. Utstedelsen av nye aksjer betydde at resten av eigarane sine eigarandel i Domstein ASA blei utvatna, slik at R. Domstein & Co fekk ein eigarandel på 93 prosent, og makt til å tvangutløyse resten av eigarane.

Publisert: 03.11.2014 11:56

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:38