Drama paa Stadhavet
STAD: Holmfoss fekk motorstans og dreiv raskt mot Stad. Etter å ha fått motoren i gang igjen, gjekk skipet inn Vanylvsgapet.
Nytt

Drama på Stadhavet

Fryseskip miste motorkraft og dreiv raskt mot land.

Marius Rosbach
10.01.2021
Hovedredningssentralen for Sør Norge slo full alarm då fryseskipet Holmfoss miste motorkrafta søndag morgon.
Det var sterk pålandsvind og Hovedredningssentralen sende både redningsskøyte og redningshelikopter mot Stad då meldinga om motorhavari kom, men klokka 07:00 vart aksjonen avblåst då Holmfoss hadde fått start på motoren.

Dreiv mot Bukketjuvane

AIS-data frå Marine Traffic viser at Holmfoss då var berre rundt 2,5 nautiske mil vest for Bukketjuvane, og dreiv austover mot Stadlandet.
På Svinøy fyr var det klokka 07:00 målt vindkast på 22,7 m/sek.
Etter at Holmfoss fekk motoren i gang igjen, gjekk båten inn Vanylvsgapet, og møtte der redningsskøyta Idar Ulstein ved Leikanger.
Myklebust-bygde Holmfoss er eigd av Eimskip. Skipet er 81,5 meter langt og 16 meter breidt.

Publisert: 10.01.2021 09:14

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:11