Droppar Tyrkia turane fraa Vigra
TYRKIA-STOPP: Star Tour og Nazar droppar direkteflyging til Tyrkia frå Vigra.
Nytt

Droppar Tyrkia-turane frå Vigra

Turoperatørane Star Tour og Nazar kansellerer flygingane frå Vigra til Antalya i sommar.

05.04.2016
Dette opplyser lufthamnsjef Tor Hånde i ei pressemelding.
Hånde opplyser at årsaka til kanselleringa er at etterspørselen etter charterturar til Tyrkia har vore for lav i år.

Får andre tilbod

Opprinnelig skulle dei to turoperatørane dele eit fly med avgang kvar laurdag i skuleferien.
- Dei som allereie hadde bestilt billettar på de kansellerte avgangane, har fått tilbod om andre reiser, blant anna til Kreta, seier Hånde.
Star Tour flyg til Heraklion på Kreta fra Ålesund kvar fredag i perioden 1. juli til 19. august.
- Dei som ønskjer å flyge direkte frå Ålesund til Tyrkia, har fortsatt mulegheit til det med Ving som flyg på laurdagar frå 18. juni, eller Detur som har avganger måndagar frå 23. mai, seier Hånde.

Publisert: 05.04.2016 08:44

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:55