Nytt
Droppar utbytte etter rekordhøg omsetning
Sal av bakarvarer er framleis god butikk, men eigarane i Goman Valaker tek ikkje utbytte.
Marius Rosbach
03.08.2020
Goman Valaker noterte nytt rekordnivå med omsetninga i fjor, som enda på drygt 94 millionar kroner (sjå tabell til høgre - under om du les på mobil).
Lønnsemda er framleis på nivå med dei føregåande åra, men generalforsamlinga vedtok at det ikkje skal betalast utbyte for 2019. Ifølgje skal i staden overskottet på kring 5,8 millionar overførast til eigenkapitalen.
Valaker/Røren-familien eig 49 prosent i selskapet, medan Coop eig resten. Saman med Valaker Bakeri og Konditori hadde dei to selskapa inntekter på kring 150 millionar kroner i fjor.
Etter å ha vore på ein driftsmargin på meir enn ti prosent for nokre år sidan, er innteninga gått litt ned dei siste par-tre åra.
Liv Anette Valaker Røren uttalte då til NETT NO at situasjonen var ein prøvelse.
Til hausten opnar Valaker Bakeri og Konditori nytt utsal på Digernesskiftet. Innan då håpar dei at konsekvensane av koronaepidemien er bak oss.
Ifølgje årsberetninga har dei jobba med å betre effektiviteten og ventar eit godt resultat også i 2020. Dei starta leveransar av smultringar i løpet av 2019 og satsar også på produksjon av knekkebrød. Selskapet ventar også ei positiv utvikling som følgje av at dei har teke over produksjon av butikkstekte brød frå Lindås.
Selskapet hadde 33 årsverk ved utløpet av 2019, og eigenkapitaldelen var då på drygt 30 prosent.
Lønnsemda er framleis på nivå med dei føregåande åra, men generalforsamlinga vedtok at det ikkje skal betalast utbyte for 2019. Ifølgje skal i staden overskottet på kring 5,8 millionar overførast til eigenkapitalen.
Lågare lønnsemd
Goman Valaker – eller Goman Nordvest – har levert solide resultat og vore veksande butikk dei siste åra.Valaker/Røren-familien eig 49 prosent i selskapet, medan Coop eig resten. Saman med Valaker Bakeri og Konditori hadde dei to selskapa inntekter på kring 150 millionar kroner i fjor.
Etter å ha vore på ein driftsmargin på meir enn ti prosent for nokre år sidan, er innteninga gått litt ned dei siste par-tre åra.
Korona-råka
Tidlegare i år blei også bakeriverksemda råka av fall i etterspurnaden som følgje av koronapandemien.Liv Anette Valaker Røren uttalte då til NETT NO at situasjonen var ein prøvelse.
Til hausten opnar Valaker Bakeri og Konditori nytt utsal på Digernesskiftet. Innan då håpar dei at konsekvensane av koronaepidemien er bak oss.
Ventar godt 2020-resultat
Goman Valaker lagar bakeri- og konditorvarer for sal i Coop sine butikkar frå lokala i Søvika.Ifølgje årsberetninga har dei jobba med å betre effektiviteten og ventar eit godt resultat også i 2020. Dei starta leveransar av smultringar i løpet av 2019 og satsar også på produksjon av knekkebrød. Selskapet ventar også ei positiv utvikling som følgje av at dei har teke over produksjon av butikkstekte brød frå Lindås.
Selskapet hadde 33 årsverk ved utløpet av 2019, og eigenkapitaldelen var då på drygt 30 prosent.
Les også:
Publisert: 03.08.2020 15:02
Sist oppdatert: 19.04.2021 10:24