Drygt ti er isolerte paa leilegheitshotell
KARANTENEHOTELL: Scandic Parken-hotellet i Ålesund er karantenehotell for kommunen, men dei som er isolert med Covid-19, bur på eit leilegheitshotell utanfor sentrum.
Nytt

Drygt ti er isolerte på leilegheitshotell

Ålesund kommune har tilgang på kring 50 rom ulike stader for å ha folk i isolasjon. For tida har dei berre behov for nokre av dei.

Marius Rosbach
18.11.2020
Onsdag kom Ålesund kommune med ei oppdatering som fortalde at ein ny person frå besetninga om bord på offshoreskipet North Sea Giant har testa positivt på korona. Vedkomande testa negativt ved første prøve, utvikla symptom og testa så positivt.
Til saman er 11 personar frå skipet testa positivt for koronasmitte.
– Alle andre prøver tatt på resten av besetningen på North Sea Giant måndag er negative, heitte det i meldinga.
Også testar av mannskap frå fleire andre fartøy til kai i Ålesund viste seg å vere negative.

Isolert utanfor sentrum

Personane som har fått påvist Covid-19, er flytta til eit leilegheitshotell mellom Ålesund sentrum og Moa, i staden for karantenehotellet Scandic Parken.
Ifølgje beredskapssjef Albert E. Gjørtz i Ålesund kommune dreiar det seg om 11-12 personar som no er innkvartert der, og ved ein kommunal bustad ein anna plass i Ålesund.

– Gjer at vi overlever

Det er Ålesund Utleie som driver overnattingsstaden. Til saman har dei 18 utleigebustader som typisk blir leigd ut til firma i denne perioden.
Dagleg leiar Liv Hofseth fortel at sjølv om rombestillingane frå kommunen gir dei noko meir å gjere, så blir 2020 alt i alt eit tungt år.
– Det blir ikkje eit år vi tener pengar, men det gjer at vi overlever og kjem i mål, seier ho til NETT NO.
Ho fortel at overnattingsbedrifta, er råka av tidlegare nedstengingar og restriksjonar, på lik linje med store delar av bransjen.
– Å ha gjestar buande som er i isolasjon medfører også betydeleg med ekstrautgifter, påpeiker Hofseth.
Leilegheitene er tilpassa formålet med eigen inngang, bad og kjøken. Det sikrar at dei som er i isolasjon, ikkje er i kontakt, eller i nærleiken av andre gjestar.

Ingen på Parken-hotellet onsdag

Før helga gjekk Ålesund kommune ut og opplyste at dei hadde inngått ein avtale med Scandic Parken Hotell om å vere karantenehotell.
Det betyr at dei losjerer flyreisande som kjem til Vigra frå utlandet, og som ikkje har ein godkjend plass å bu.
Onsdag var det ingen som budde ved hotellet via den nasjonale karanteneordninga, opplyser beredskapssjef Albert E. Gjørtz i Ålesund kommune til NETT NO.

Avtale om 40 karantenerom

– Ålesund og Giske kommunar har saman med Møre og Romsdal fylkeskommune gjort førehandsavtaler om 30 rom ved Scandic Parken-hotellet i Ålesund og ti rom ved Ålesund Airport Hotell i Giske, fortel Gjørtz.
Beredskapssjefen påpeiker at dei gjer dette for å sikre at dei har kapasitet til å kunne handtere eit større tal personar. Det er politiet sin grensekontroll som etter visse reglar avgjer om det er behov for at personar skal bu på karantenehotell.

Publisert: 18.11.2020 16:27

Sist oppdatert: 07.04.2021 19:35