Drøymer om å børsnotere verdas største
- Vi har ein draum om å børsnotere dette selskapet, seier partnar Ulrik Smith i FSN Capital etter Mørenot-kjøpet. Skal doble Mørenot på fem år.
Å gå på børs med eit Mørenot som er blitt den største utstyrsleverandøren internasjonalt er det Smith og investorkollegaene i FSN Capital ser på som den optimale utgangen på investeringa i Mørenot.
No kjem han med ein klar invitasjon til andre, familieeigde selskap i same bransje som Mørenot, om å melde seg på om dei vil vere med på ei konsolidering av bransjen. Målet er å vekse - mellom anna ved oppkjøp, både i Noreg og internasjonalt - og då i første omgang rundt Nord-Atlanteren.
Fem år
Investeringane som FSN Capital sine fond er inne i varer typisk fem år, før eit sal eller ei børsnotering, i følgje Smith.
Les også: Investeringsfond kjøper Mørenot
Familieeigde selskap, slik som Mørenot, er dominerande blant selskapa FSN-fonda går inn i. FSN Capital satsar på å ha med dagens eigarar vidare, seier Smith. Eigarane får tilbod om å reinvestere i Mørenot etter salet. Kor stor andel dagen eigarar kan få er ikkje nøyaktig avklart, i følgje Smith. Truleg er kan de blir ei 80/20-fordeling om aksjonærane nyttar sjansen til å reinvestere fullt ut.
- Vi vil utvikle Mørenot saman med med eigarfamiliane, seier han.
Fiske og oppdrett
Mørenot lagar garn og nøter til fiske- og oppdrette, og har produkt som er retta mot oljebransjen.
Med FSN Capital som hovudaksjonær skal selskapet arbeidet vidare i alle tre marknadane, med fiskeri- og oppdrett som dei to største forretningsområda, i følgje Smith.
Publisert: 15.03.2018 12:16
Sist oppdatert: 01.03.2024 15:02