Frode Sævik foto Bass Brothers
VEKST: Frode Sævik og hans fem tilsette i Bass Brothers er inne i sitt tredje år med kraftig vekst.
Nytt

Dundrande suksess i koronaåret

Bass Brothers har dobla salet på to år. I fjor tok det heilt av, og det gjer det i år også.

26.03.2021

Allereie i august i fjor passerte Bass Brothers inntektene for heile 2019. Reknskapen for 2020, som no ligg på bordet, viser ein auke i driftsinntektene på 61 prosent samanlikna med året før.

I år er målet å nå 27,4 millionar kroner i driftsinntekter, opp 43 prosent frå 2020, og så langt i år ligg selskapet føre målet, fortel dagleg leiar og eigar Frode Sævik.

Nettbutikk
Bass Brothers har spesialiserte seg på bilstereoanlegg og sel både gjennom butikken i Fosnavåg og eigen nettbutikk.

70 prosent av inntektene kom gjennom nettbutikken i fjor. I år har nettbutikkandelen stige til 78 prosent.

Det er også marknadsføring på nett, først og fremst på Facebook og Instagram, som trekkjer nye kundar.

- Vi har knekt koden på sosiale medier, seier Frode Sævik.

Tenkt deg mann 38 med tre ungar og full baluba. Den einaste fristaden der han er åleine og kan høyre på musikk er i bilen i dei 20 minutta til og frå jobb
Frode Sævik, Bass Brothers

Veksten til selskapet forklarar han først og fremst med at Bass Brothers har lukkast med å ta ein større del av marknaden.

Fristad
Kundegruppa har gradvis fått ein større andel eldre kjøparar, og ei av aldersgruppen som aukar mest er menn mellom 35 og 45.

Det har Sævik ei god forklaring på.

-Tenk deg mann 38 med tre ungar og full baluba. Den einaste fristaden der han er åleine og kan høyre på musikk er i bilen i dei 20 minutta til og frå jobb, seier Sævik.

Skjult vekst
Frode Sævik starta opphavleg med å selje stereoanlegg til hus, før han også byrja med bilstereoranlegg.

I takt med at salet av bilstereoanlegg auka, krympa salet av husstereoanlegg inntil selskapet vart eit reindyrka bilstereoselskap.

Bass Brothers as
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekter19,111,8
Driftsresultat2,20,4
Resultat før skatt1,90,3

Publisert: 26.03.2021 06:00

Sist oppdatert: 25.03.2021 22:50

Mer om