Brørne Jan Endre og Sindre Vartdal, som eig kvar sin tredjepart av Vartdal Plast-konsernet, gjekk i 2015 inn som medeigarar i Bacalaofabrikken i Ørsta.
Investeringa i fiskeindustribedrifta ved ferjeleiet Festøya, blei gjort gjennom deira felles selskap, Brødrene Vartdal.
Planen var å hjelpe selskapet til vekst og lønsemd, men det vart eit meir tids- og kostnadskrevande engasjement enn brørne hadde sett for seg.
I løpet av åra 2015-2023 er det samla underskotet på 10 millionar kroner.
Kraftig vekst
I 2019 gjekk brørne inn med eit konvertibelt lån for å halde Bacalaofabrikken gåande. No er sju millionar kroner gjort om til eigenkapital, og selskapet er utan langsiktig gjeld, ifølgje Jan Endre Vartdal.
I fjor passerte Bacalofabrikken 12 millionar kroner i inntekter. Det er ny rekord og over ei dobling på to år.
I år ligg Bacalaofabrikken an til nå 20 millionar kroner, og Vartdal ventar ytterlegare vekst i 2025.
– Forventningane neste år er 30 millionar kroner, og positivt driftsresultat, seier han.
Fleire folk
Per i dag er det seks tilsette i selskapet. Med den veksten det ligg an tid no, anslår Vartdal at selskapet vil sysselsette åtte personar på heilårsbasis.
Han seier at selskapet mellom anna er på jakt etter personar som skal bidra til å leiing og utvikling av produksjonen.
Som namnet tilseier, lagar Bacalofabrikken bacalao, både gryteklar og delvis gryteklar. Selskapet lagar óg utvatna og frossen klippfisk, lutefisk og frosne forbrukarpakka produkt av torsk, sei og kveite. Selskapet har to varemerke, Bacalaofabrikken og Festøy.
I tillegg til å produsere for sine eigen varemerke, satsar selskapet også på leigeproduksjon for andre.
Bacalaofabrikken as | ||
Tal i mill. kroner | 2023 | 2022 |
Driftsinntekt | 12,2 | 6,6 |
Driftsresultat | -1,2 | -1,3 |
Resultat før skatt | -1,4 | -1,4 |
Publisert: 18.11.2024 05:00
Sist oppdatert: 17.11.2024 18:33