Sunnmøre tingrett foto ogne
DOM: To ålesundarar i rettsstrid om kjøp av campingvogn. No har Møre og Romsdal tingrett fatta dom. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Dyrt å selje campingvogn med fuktskader

Ålesundar kjøpte campingvogn av annan ålesundar i 2018, men så dukka det opp store fukt- og råteskader.

16.03.2022

Seljaren må no betale erstatning på 11.039 kroner, i tillegg til sakskostnadene på 22.750 kroner.

Seljar må samstundes overta campingvogna han selde i 2018, der han no er dømd til å betale 80.000 kroner av salssummen på 85.000 kroner tilbake til kjøpar.

Det har Møre og Romsdal tingrett i Ålesund avgjort gjennom skriftleg behandling.

Striden dreier seg om korvidt seljar har brote kjøpslova ved at det ved salet ikkje vart opplyst at det var fuktskader i campingvogna, som var av 2002-modell.

Store utbetringskostnader
Fuktstadene vart oppdaga av Sunnmøre Caravan i 2019 i samband med at selskapet potensielt skulle ta inn vogna som innbyte. Sunnmøre Caravan anslo då utbetringskostnadene til 50.000 kroner, ein kostnad som seinare er heva til 63.250 kroner.

Campingvogna vart annonsert på finn.no, og vart seld som ho er. Men i annnonsa kom det fram at vogna var "flott og romslig", "i god stand" og at ho fungerte "kjempefint".

I kjøpekontrakten vart det spesifisert nokre bulkar, og at det hadde vore problem med ei lita lekkasje i gjennomføring til antenne.

Oppe i Forbrukarklageutvalet
Saka har vorte behandla av Forbrukarklageutvalet, som gav kjøpar medhald i kravet om heving av kjøpet, men seljar ville overprøve vedtaket i rettssystemet, og tok ut stemning mot kjøpar.

I retten fekk kjøpar fullt medhald.

Retten viser til at sjølv om campingvogna vart "seld som den er", kan seljar likevel ha eit mangelansvar etter kjøpslova.

- Ikkje grunnlag for bekymring
Retten meiner det er bevist at campingvogna hadde fukt- og råteskader allereie ved overlevering, og at vogna var i vesentleg dårlegare stand enn kva det var grunn til å rekne med.

Retten viser også at utbetringskostnadene utgjer nesten 75 prosent av kjøpssummen, noko retten meiner overstig kva som er pårekneleg, sjølv om retten viser til at det må kunne reknast med visse fukt- og råteskader på ei så gamal vogn.

Men retten viser også til at dei opplysningane frå seljar ikkje gav grunnlag for bekymring for å bekymre seg for fukt, og at opplysningane om lekkasje ved antenna ikkje hadde noko med dei påviste fukt- og råteskadene å gjere.

Publisert: 16.03.2022 08:42

Sist oppdatert: 16.03.2022 10:28

Mer om