Green Yard Kleven februar 2023 foto Marius
ULUKKE VED VERFTET: Ein mann døydde etter å ha blitt treft av ein stor metallgjenstand som fall frå ei kran ved Green Yard Kleven torsdag. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Dødsulukke på Kleven-verftet

Mann treft av stor metallgjenstand som fall frå kran.

Marius Rosbach
23.02.2023

Ein mann er død etter ei arbeidsulukke på Green Yard Kleven i utkanten av Ulsteinvik. Det melder politiet på Twitter ved 13.30-tida torsdag.

Ifølgje meldinga mista vedkomande livet i samband med ein heisoperasjon. Politiet er på staden og dei pårørande er varsla.

Treft av stor metallgjenstand
Politiet fekk den første meldinga om ulukka klokka 11.27. Den omkomne er ein mann i starten av 60-åra heimehøyrande i distriktet. Han befann seg på land på ulukka inntraff.

- Ulukka skjedde ved at ein stor metallgjenstand fall ned frå ein stor kran på kaia, og trefte vedkomande - som døydde på staden, fortel operasjonsleiar Jens Dahl ved Møre og Romsdal politidistrikt til NETT NO ved 14-tida.

På det tidspunktet hadde politiet ikkje fått opplyst om mannen var tilsett på verftet, eller hos ein leverandør.

Fleire vitne til stades
Det var fleire personar til stades ved ulukka, og politiet snakkar torsdag med vitne for å høyre deira forklaringar.

- Vi har også kriminalteknikarar på staden som gjer sine undersøkingar for å avdekke kva som har skjedd, fortel operasjonsleiaren.

Arbeidstilsynet er også kopla inn i saka og vil gjere sine undersøkingar.

Saka blir oppdatert

Publisert: 23.02.2023 13:39

Sist oppdatert: 23.02.2023 15:27

Mer om