Nytt
Dømt til millionerstatning
Edgar Sandanger er dømt til å betale Norway Royal Salmon 4.383.259 kroner i erstatning for fem lastebilar med fisk.
25.11.2019
Striden gjeld betaling for fem av i alt 15 lastebilar med laks som blei levert frå Norway Royal Salmon til salsselskapet Sunsea Seafood på Moltustranda våren og sommaren 2017.
Norway Royal Salmon meinte Sunsea Seafood ikkje hadde betalt som avtalt, og gjekk til sak med krav om erstatning. Kravet var retta mot konkursbuet til Sunsea Seafood - som gjekk konkurs i fjor - og mot dåverande dagleg leiar og hovudaksjonær Edgar Sandanger og driftsleiar i produksjonsselskapet Sunsea.
Retten meiner og det er sannsynleggjort at fisken blei foredla og seld vidare utan at Norway Royal Salmon fekk betalt, og at Sandanger sin manglande kontroll med verksemd er årsak til at Norway Royal Salmon ikkje fekk betalt.
Sandanger er dømt til å betale 4.383.259 millionar i erstatning.
Sunsea Seafood er dømt til å betale 5.040.748 kroner i erstatning. Det kravet går inn i som ein del av konkursbuet i selskapet.
Driftsleiaren kravde og 400.000 kroner i oppreisningserstatning og inntil fire millionar kroner i erstatning for tap av fremtidig inntekt, men fekk ikkje medhald i det kravet.
Advokat Josef Hildre, som representerer driftsleiaren, seier han meiner dommen er "grundig og korrekt" og at hans klient er nøgd med dommen.
NETT NO har førebels ikkje lukkast i å få ein kommentar frå Sandangers advokat.
Norway Royal Salmon meinte Sunsea Seafood ikkje hadde betalt som avtalt, og gjekk til sak med krav om erstatning. Kravet var retta mot konkursbuet til Sunsea Seafood - som gjekk konkurs i fjor - og mot dåverande dagleg leiar og hovudaksjonær Edgar Sandanger og driftsleiar i produksjonsselskapet Sunsea.
Sandanger ansvarleg
Retten konkluderer med at Sandanger ikkje har fulgt opp drifta i Sunsea Seafood i tilstrekkeleg grad, og at han skal haldast ansvarleg for Norway Royal Salmion sitt økonomiske tap.Retten meiner og det er sannsynleggjort at fisken blei foredla og seld vidare utan at Norway Royal Salmon fekk betalt, og at Sandanger sin manglande kontroll med verksemd er årsak til at Norway Royal Salmon ikkje fekk betalt.
Sandanger er dømt til å betale 4.383.259 millionar i erstatning.
Sunsea Seafood er dømt til å betale 5.040.748 kroner i erstatning. Det kravet går inn i som ein del av konkursbuet i selskapet.
Driftsleiaren frifunnen
Dommen i Søre Sunnmøre Tingrett frifinner driftsleiaren for erstatningsplikt. Norway Royal Salmon må og betale 312.000 kroner av hans sakskostnadar.Driftsleiaren kravde og 400.000 kroner i oppreisningserstatning og inntil fire millionar kroner i erstatning for tap av fremtidig inntekt, men fekk ikkje medhald i det kravet.
Advokat Josef Hildre, som representerer driftsleiaren, seier han meiner dommen er "grundig og korrekt" og at hans klient er nøgd med dommen.
NETT NO har førebels ikkje lukkast i å få ein kommentar frå Sandangers advokat.
Publisert: 25.11.2019 14:16
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:31