Vard dåp norwind breeze foto marius 11
VARD BRATTVÅG: Verftet har levert vindskipet på rekordtid og måndag var det klart for dåp og flaggskifte. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Døypte første vindskip frå Ålesund

Norwind-reiarlaget tok over ombygd PSV som skal rett ut i oppdrag.

Marius Rosbach
30.05.2022

Vard-verftet i Brattvåg kunne måndag invitere til dåpseremoni for Norwind sitt nye vindskip. Etter dåpen var det omvisning om bord for inviterte gjestar.

Skipet blir det første reindyrka vindskipet frå eit Ålesund-reiarlag. Tidlegare har Rem Offshore teke i bruk om bygde Rem Energy av reiarlaga på Sunnmøre.

Har arbeid til utover hausten
Skipet er blitt ferdig på berre seks månader fordi reiarlaget har eit oppdrag som ventar.

- Vi har sett alle klutar til for å bli ferdig og båten går i morgon over til britisk sokkel, fortel Norwind-sjef Svein Leon Aure til NETT NO.

Her skal skipet inn i arbeid med å bygge ut vindparken Hornsea 2 for Orsted. Ferdig utbygd vil vindparken på østkysten av Storbritannia vere verdas største.

Ifølgje Aure har skipet arbeid til «godt utover hausten», avhengig av kva opsjonar som blir gjennomført. Seinare har dei fleire moglegheiter, som gjer at reiarsjefen trur skipet vil ha jobb vidare også.

Vard dåp norwind breeze foto marius 22
SKAL HA FIRE TIL: Norwind-reiarlaget skal ha til saman fire skip i tillegg til den ombygde PSV-en dei fekk levert måndag. Foto: Marius Rosbach

Skal også bygge fire nye skip
Norwind-fartøyet er ikkje eit nybygg, men ein ombygd PSV som no skal gå under namnet Norwind Breeze.

Skipet har tidlegare vore i operasjon i Asia og Australia, og har vore gjennom ein omfattande ombygging for å bli eit serviceskip for vindparkar til havs.

Nybyggingsprogramet inneheld også fire nye skip frå Vard-konsernet. To av desse blir utrusta av Vard-verft i Norge, og to ved Vard Vung Tau-verftet i Vietnam.

Tre Ålesund-familiar
Norwind Offshore blei starta i fjor. Reiarlaget bygger på staben frå Sverre Farstad & co, og held til i dei gamle Farstad-lokala på St. Olavs-plass i Ålesund.

Før helga melde reiarlaget at dei hadde fått med det danske investeringsfondet Navigare Capital Partners på ein emisjon i reiarlaget.

I tillegg til Sverre Anders Farstad og Sverre Olav Farstad, var Eivind Volstad og sonen Espen Volstad med på satsinga frå starten, begge med bakgrunn frå Volstad Shipping. Det var også Kleven-familien gjennom Maren Kleven Fox og Magnus Kleven. Begge er barna til Bunker Oil-eigar, Jan Magnus Kleven.

Norwind breeze gudmor maren kleven fox kaptein Arve Aure foto marius 11
PÅ BRUA: Gudmor Maren Kleven Fox, dotter av Bunker Oil-eigarJan Magnus Kleven, saman med kaptein Arve Aure på brua. Aure gler seg til å segle i godvær over til Storbritannia. Foto: Marius Rosbach

Publisert: 30.05.2022 13:37

Sist oppdatert: 30.05.2022 15:16

Mer om