– Eg er ein stolt kremmar
Overvåg i Ulsteinvik er igjen mellom dei mest lønsame i klebutikkane på Nordvestlandet. Og det klarar dei utan netthandel. Sjå stor resultatoversikt.
Sal av klede er ein bransje som i årevis har vore pressa på marginar. Det viser att i resultatoversikta over dei lokaleigde klesbutikkane på Nordvestlandet som dannar utgangspunktet for denne artikkelen.
Gjennomsnittleg resultatmargin i 2019 for dei nær 50 bedriftene på lista er på magre 1,4 prosent (resultatmargin er resultat før skatt i prosent av driftsinntektene, journ. anm.).
- Sjå heile lista under - og få full oversikt i pdf-fil
Då er det litt av ein prestasjon å drive ein butikk som år etter år plasserer har ein resultatmargin på godt over ti prosent. Det gjer Overvåg i Ulsteinvik.
I fjor var dei einaste av butikkane med meir enn ti millionar i omsetning, som hadde resultatmargin på meir enn ti prosent. Åra i forvegen har vore enno meir lønnsame for den familiedrivne butikken i sentrum av Ulsteinvik.
Erfaring og «stålkontroll»
Det første Greta Overvåg trekk fram då NETT NO spør korleis det har blitt slik er erfaring.
– For det første har vi halde på i meir enn 60 år. Også har vi gode merkevarer, gode medarbeidarar – og stålkontroll på det vi gjer, seier ho ståande i butikken som blei starta av foreldra hennar i 1957.
Med kontroll snakkar ho om alt frå varelager, lønnskostnader og kostnadar ved drifta elles.
– For å drifte godt må du ha kontroll – og det har vi, slår ho fast.
Så enkelt kan det seiast. Greta påpeiker at det likevel ikkje på nokon måte er enkelt å få til god drift.
– Det er ein livsstil og knallhard jobbing, fortel ho.
Kremmartradisjonar
Greta Overvåg legg ikkje skjul på at ho er stolt over butikken, historia og salsyrket. Mora, Ragnhild, dreiv Overvåg frå slutten av 1950-talet til godt utpå 1990-talet. I ein alder av 86 år er ho framleis ein del av den daglege drifta ved å handle mat og gjere ærend i banken.
Greta fortel at handelstradisjonane i familien går fleire generasjonar tilbake. Oldefaren var hestehandlar.
– Eg er ein stolt kremmar. På grava mi skal det stå «Greta Overvåg – kremmar», seier ho og ler.
Underskot for dei største
I resultatoversikten for 2019 er Th. Dale suverent størst i omsetning med 55 millionar. Modo kjem på andre plass med 29 millionar. Begge desse fekk eit svakt resultat i fjor og gjekk med underskot.
To butikkar utmerka seg på resultatlista når det kjem til lønnsemd. Strømme Klær og Sko i Sykkylven og Bunadsspesialisten har resultatmarginar heilt oppe på 16 og 17 prosent i fjor.
- Sjå heile lista under
I år er klesbutikkane mellom dei som er hardt råka av koronapandemien. Stengte dører for mange i mars og april, saman med auka netthandel, vil truleg visast att i rekneskapane for 2020.
Tal frå SSB viser at klebutikkane har vore mellom taparane i handelsmønsteret som har vekst fram under koronapandemien. Ved utgangen av september var nedgangen på drygt ti prosent samanlikna med i fjor.
Tok raske koronagrep
Også ved Overvåg har dei merka godt at mange under «koronatida» har droppa selskap og reiser, som gjerne fører til innkjøp av nye klede.
– Kosedressar sel vi mykje av, men ikkje mykje galla og dress, kommenterer ho tørt.
Trass tøffe tider har ho ikkje mista humøret. Når dei omfattande tiltaka blei innført i midten av mars, brukte dei to dagar på å stenge butikken og permittere dei tilsette.
– Det er om å gjere å vere raskt på når noko slikt skjer. Samtidig blei det ikkje så ille som mange hadde frykta. Folk meinte det ville kome masse konkursar, men det har ikkje vore mange, seier ho.
Prioriterer ikkje nettbutikk
Overvåg-butikken er aktive på sosiale media som Facebook og Instagram, men salsvolumet frå den aktiviteten er likevel beskjeden i det heile. Nettbutikk har dei ikkje.
– Vi prioriterer kundane som kjem inn døra, og gjer alt for at dei skal kome tilbake. Vi forsøker ha ei varepakke og service som gjer at vi stadig kan bygge den basen større og større. Der nyttar vi all energien vår, seier ho.
Greta ser ikkje vekk i frå at dei vil ha ein form for nettbutikk i framtida, men for augneblinken er det ikkje noko dei brukar ressursar på.
– Våre kundar handlar over alt, fordi dei gjerne reiser mykje. Men dei handlar også nok her til at vi har det veldig bra, legg ho til.
No har dottera Beate kome inn og står i dag for mykje av den daglege drifta. Greta fortel at dei har daglege samtalar både seg i mellom og med leverandørar for å vere tett på.
– Eg trur kombinasjonen av Beate sin måte å tenke på, og mi erfaring er noko av forklaringa. Samtidig veit dei som kjem hit kven vi er, og kva vi står for. Det er ikkje verre enn det, legg ho til og ler.
- Sjå heile lista under - og få full oversikt i pdf-fil
Les også: Handelen på Moa holder stand
Oppmodar om å bruke lokale bedrifter
Th Dale med rekordomsetning – og underskudd
Vi prioriterer kundane som kjem inn døra, og gjer alt for at dei skal kome tilbake
Frittståande klesforhandlararResultatmargin 2019 | |
Res.margin er res.f.skatt i % av driftsinntekt | |
STRØMME KLÆR OG SKO AS | 17,6 % |
BUNADSPESIALISTEN AS | 16,6 % |
SKINLO & CO AS | 11,9 % |
OVERVÅG AS | 11,6 % |
EXCEPTION AS | 8,1 % |
MIDTBUST AS | 7,8 % |
LEFDAL MÅLØY AS (Vic Lefdal) | 7,7 % |
T RIISE AS | 7,3 % |
TIGER MOA AS | 7,2 % |
UPSTAIRS STRYN AS | 7,1 % |
FRISLID HERREEKVIPERING AS | 6,8 % |
MOASUND AS (Vic Thunem) | 5,6 % |
CHIC ME AS | 5,0 % |
EIKENÆS KLÆR AS | 4,8 % |
SILHUETT SYKKYLVEN AS | 4,4 % |
CON VITA AS | 4,3 % |
ULSTEINVIK TEKSTIL AS (Cubus Ulsteinvik) | 3,7 % |
A SÆVIK AS | 3,5 % |
MARIAS MOTE AS | 3,5 % |
CHRIS MOA SYD AS | 3,3 % |
BY MOTE AS | 3,3 % |
YRKES OG FRITIDSKLÆR AS | 3,1 % |
LIGA KLÆR AS | 2,9 % |
ELISABETH MOTE AS | 2,2 % |
KIRSTENS BUTIKK AS | 2,0 % |
FEMINA AS | 1,9 % |
RADI MOTE MOA AS (Step in Moa) | 1,6 % |
FRK LARSEN AS | 1,5 % |
HOFSETH INVEST AS (Match Ulsteinvik) | 0,8 % |
ANN KATHRINS MOTEBUTIKK AS | 0,6 % |
CLASSICS AS | 0,2 % |
MØRE KONFEKSJON VOLDA AS | -0,6 % |
MODECA AS | -0,7 % |
ARKJA MOTE AS | -0,8 % |
TH DALE AS | -0,8 % |
PE BE KLÆR AS | -1,9 % |
MOTEBUA AS | -3,0 % |
SVARSTAD AS | -3,3 % |
FRØKEN FRØLAND AS | -4,0 % |
STAURSET AS | -4,6 % |
TIBB AS | -4,7 % |
KLE & KAFFI AS | -5,2 % |
MODO AS | -6,7 % |
VIENNA MOTE AS | -7,8 % |
ELIAS RØNNESTAD AS (Cubus Volda) | -7,8 % |
HAVNEN AS (Vic-Havnen) | -9,9 % |
CHANTAL BOUTIQUE AS | -10,7 % |
LA BELLE AS | -11,8 % |
SØVIK DETALJHANDEL AS (E i Ålesund) | -15,6 % |
Publisert: 21.11.2020 05:55
Sist oppdatert: 16.06.2021 15:48