Eg forsoeker vere optimist men det er ikkje saa enkelt
OPTIMISTAR: Egil Olsen og artisten Lizz frå Kvamsøy under seansen på Terminalen byscene torsdag. Dagleg leiar Synnøve Sandnes for Terminalen byscene har også vore innspelingsleiar for songen. 
Nytt

– Eg forsøker vere optimist, men det er ikkje så enkelt

Artistar samla seg om nyinnspeling av Jahn Teigen-klassikar. Singelaktuelle Egil Olsen fryktar mange sluttar i bransjen. 

Marius Rosbach
19.11.2020

Ørstingen Egil Olsen var mellom ein rekke artistar frå Møre og Romsdal som torsdag var samla ved Terminalen byscene i Ålesund for å markere ei nyinnspeling av låta «Optimist» av Jahn Teigen.

Prosjektet blei til etter initiativ frå Sparebanken Møre og har gitt betalt arbeid for alle dei involverte frå artistar, til teknikarar og andre i den kulturelle verdikjeda.

– Eg forsøker vere optimist, men det er ikkje så enkelt. Om ein forsøker sjå på ting med eit litt lengre perspektiv, så blir det kanskje enklare, seier Egil Olsen til NETT NO om korleis situasjonen er for tida.

Innspelinga er meint å vere ein beskjed frå musikkbransjen i regionen om at dei ser fram til å lage lyd igjen. Samtidig var det ein måte sparebanken kunne bidra til inntektsgivande arbeid for ein hardt råka bransje.

Vil rette merksemd mot bransjen
Synnøve Sandnes som er daglig leder for Terminalen byscene, har vore innspelingsleiar. Ho er rørt over kor positive folk har stilt seg til arbeidet og fortel at dei ønsker å rette merksemd mot situasjonen bransjen er i.

I tillegg til nemnte Egil Olsen, er også musikarar som Isak Shorty, Beate Lech, Marie Løvås og Stine Hole Ulla med på innspelinga.

Fleire har også delteke med å lage musikkvideo, bakomfilm og intervju. Til saman er dei 29 personar.

Olsen glad for å hylle Teigen
Egil Olsen fortel at noko av grunnen til at han ville vere med på innspelinga, var at familien til Teigen stilte seg positive til prosjektet.

– Eg synes det var veldig kjekt å kunne vere med å hylle han som artist samtidig, fortel han.

Ørstingen har vore mellom dei mest aktive artistane til å framføre musikken sin digitalt, mellom anna via ein rekke strøymekonsertar.

Då NETT NO snakka med han nokre dagar etter nedstenginga i midten av mars, hadde han nettopp tent meir pengar på ein nettkonsert, enn han gjorde til vanleg..

I etterkant har det gått nedover med givergleda til publikum.

– Det er ikkje så mange som Vippsar lengre, så det er ikkje noko å leve av. Men det har vore gøy, fortel han.

Fryktar mange gir opp
Mott slutten av sommaren starta artisten å få tilbake trua på at ting skulle vende tilbake til normalen snart. No innser han at det vil ta lengre tid.

Olsen fryktar ting er i ferd med å bli så vanskeleg for bransjen, at mange vil gi opp.

– Det ser ikkje bra ut, og eg ser at mange finn andre ting å gjere. Musikkbransjen er tøff i utgangspunktet og krev at du jobbar meir enn du får betalt for. Om ein først skiftar bransje, trur eg mange ikkje vil kome tilbake, seier han.

Olsen har ikkje hatt spelejobbar sidan august, og han trur ikkje det kjem inn nye, inntil lenge smittesituasjonen blir meir avklart.

Sjølv har han ikkje fått direkte støtte av krisetiltaka, men har fått stipend som bidreg noko i ei slunken artistkasse.

Har flytta tilbake til Ørsta
Ørstingen har ikkje starta å sjå på stillingsannonsar enno, men har fått øving i å skrive søknadar.

– Eg er ganske sta, så eg vil heller sjå på alternative måtar å drive på, som nettbaserte aktivitetar og andre måtar å bruke musikken på. Men eg har også nettopp lagt ut ein synth på Finn, som eg eigentleg ikkje vil selje. Men om den kan redde husleiga ein månad eller to, så er det kanskje verdt det, legg han til.

Sidan i vår har han og familien også flytta frå Nesodden til den gamle skrivargarden i Volda. Difor har han hatt nok å henge fingrane i.

– Det var litt fordi det passa med at eldstemann skulle starte på skulen, men også fordi vi såg at vi hadde tida til å gjere det. Så får vi håpe at det kjem ein rekyl når alt dette er over, og at folk blir enno flinkare til å gå på konsertar og slikt framover. Det er lov å håpe iallfall, avsluttar han.

PS! Fredag kjem Egil Olsen sin nyaste singel kalla «Mouths to Feed».

Les også: Momentium har sikra seg til 2021

Rekordetterspørsel og gründerpris i koronatida

Storfilm gir arbeid til lokale bedrifter

Nytt jubelår før koronastoppen for Rotlaus

Analyse: Digitalisering jamnar ut skilnadene

Fekk inn like mykje via nett som på ein vanleg konsert


Om ein først skiftar bransje, trur eg mange ikkje vil kome tilbake

Publisert: 19.11.2020 16:09

Sist oppdatert: 19.06.2021 13:24