Tine Storoy med flagg Foto Svein Arne Orvik Heroy kommune
TIL LANDSFINALE: Herøy-ordførar Tine Storøy er glad for prisen som årets maritime kommune i Møre og Romsdal. Foto: Svein Arne Orvik/Herøy kommune
Nytt

– Ei fantastisk anerkjenning

Herøy vart årets maritime kommune i fylket.

Marius Rosbach
21.05.2025

Herøy gjekk av med sigeren i kåringa av årets maritime kommune i Møre og Romsdal.

– Dette er ei fantastisk anerkjenning av Herøy si viktige rolle i den maritime sektoren, uttaler Herøy-ordførar Tine Storøy i meldinga. 

Kandidat til nasjonal konkurranse
Maritimt Forum nasjonalt skal kåre årets maritime kommune i Noreg, og Herøy blir no kandidat til den nasjonale konkurransen, ifølgje ei pressemelding frå bransjeorganisasjonen. 

– Eg takkar alle som har stemt på Herøy som årets maritime kommune i fylket. Og eg oppmodar alle om å støtte Herøy som kandidat i den nasjonale kåringa, held Storøy fram. 

Vinnaren blir avslørt i august
Årets vinnar blir avslørt på den maritime mottakinga Maritimt Forum har om bord på Statsråd Lehmkuhl under Arendalsuka 12. august. Ein nasjonal fagjury avgjer no konkurransen vidare.

I fjor vann Harstad prisen som årets maritime kommune, med Averøya på ein 2. plass. 

Ifølgje Menon Economic sin siste verdiskapingsrapport bidreg dei maritime næringa i kommunen med 3,7 milliardar kroner i verdiskaping og står for ei omsetning på heile 7,4 milliardar, blir det opplyst. 

Publisert: 21.05.2025 10:54

Sist oppdatert: 21.05.2025 10:54

Mer om