Nye tal frå NAV viser korleis stadig fleire står utan arbeid som følgje av koronakrisa. Verst ramma er framleis Sykkylven kommune, der dei fleste tilsette i Ekornes no er ute i permisjon.
(Sjå oversikt over alle kommunar på Nordvestlandet under)
Tidlegare i veka omtalte NETT NO korleis over delen av arbeidsstokken som no er utan jobb. For to dagar sidan hadde 22,5 prosent av arbeidstokken søkt om dagpengar i samband med permittering.
Onsdag har talet stege til 24,2 prosent. Til saman 987 personar er permitterte i kommunen sidan dei omfattande smitteverntiltaka blei innført i veke 11. I tillegg kjem dei som har søkt om dagpengar på vanleg vis.
Dei fleste er 100 prosent permitterte frå onsdag til over påske. Etterpå blir det planlagt å køyre produksjon to og tre dagar i veka ut april. Det betyr at dei tilsette i produksjonen vil ha om lag 50 prosent arbeid i denne perioden. Også dei fleste tilsette i administrasjonen er permitterte 50 prosent, opplyste Ekornes i ei pressemelding tidlegare i veka.
Kjelde: (lenke til pdf-fil)
(Sjå oversikt over alle kommunar på Nordvestlandet under)
Tidlegare i veka omtalte NETT NO korleis over delen av arbeidsstokken som no er utan jobb. For to dagar sidan hadde 22,5 prosent av arbeidstokken søkt om dagpengar i samband med permittering.
Onsdag har talet stege til 24,2 prosent. Til saman 987 personar er permitterte i kommunen sidan dei omfattande smitteverntiltaka blei innført i veke 11. I tillegg kjem dei som har søkt om dagpengar på vanleg vis.
Ekornes stengt for påska
Mange av desse er tilsett ved Ekornes-fabrikken som tysdag kveld stengte ned produksjonen for påska. Møbelprodusenten har opplevd sviktande etterspurnad globalt og har sendt varsel om permittering til alle tilsette.Dei fleste er 100 prosent permitterte frå onsdag til over påske. Etterpå blir det planlagt å køyre produksjon to og tre dagar i veka ut april. Det betyr at dei tilsette i produksjonen vil ha om lag 50 prosent arbeid i denne perioden. Også dei fleste tilsette i administrasjonen er permitterte 50 prosent, opplyste Ekornes i ei pressemelding tidlegare i veka.
Oversikt permitterte i kommunane på Nordvestlandet
- Sykkylven 24,2%
- Stryn 13,2%
- Ulstein 11,2%
- Ålesund 11,1%
- Sula 10,7%
- Giske 10,5%
- Hareid 10,4%
- Herøy 9,8%
- Ørsta 9,8%
- Volda 8,6%
- Stranda 8,0%
- Fjord 7,5%
- Sande 7,4%
- Stad 7,1%
- Gloppen 6,7%
- Vestnes 6,5%
- Kinn 6,1%
- Vanylven 3,5%
Kjelde: (lenke til pdf-fil)
Les også:
Publisert: 01.04.2020 23:33
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:55