Ein god avtale i dagens marknad
KONTRAKT: Arbeid i Brasil dei neste tre åra for Havila Harmony, men først vert det dokking på Båtbygg.
Nytt

- Ein god avtale i dagens marknad

Minst tre års arbeid for Havila Harmony. Havila Shipping-sjefen meiner det er altfor mange PSV-ar i marknaden.

24.07.2020
Havila Shipping har inngått ein treåring bareboatavtale for Havila Harmony med selskapet Oceanpact Netherlands i Brasil.
Det 92 meter lange subseafartøyet er 15 år gamalt, og avsluttar no eit oppdrag utanfor Trinidad.
- Deretter skal båten til Norge for dokking på Båtbygg, seier adm. dir. Njål Sævik i Havila Shipping.
Han er godt fornøgd med avtalen.
- Ja, i dagens marknad er vi godt fornøgde med å lande ein slik avtale.

- Altfor mange PSV-ar

Båten skal i oppdrag for det brasilianske statsoljeselskapet Petrobras, og i avtalen ligg det ein opsjon med forlenging på eitt år.
Kontrakten skal etter planen starte i løpet av fjerde kvartal i år.
Sævik seier at marknaden framleis er svært utfordrande, spesielt for PSV-ar.
- Det er altfor mange PSV-ar tilgjengelege til altfor få oppdrag.

Selskap som satsar

Selskapet Oceanpact Netherlands er eit raskt veksande selskap som i stor grad opererer for Petrobras.
Ved årsskiftet hadde selskapet 21 skip, der dei fleste var kjøpte frå offshoreselskap, og har plan om å utvide flåten med ytterlegare fire skip i år.

Publisert: 24.07.2020 10:41

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:00