- Turismen i Hjørundfjorden er viktig for å oppretthalde bygdene.
- Sjå berre på Trandal, der folketalet har dobla seg på få år takka vere satsinga Christian Gaard.
Det seier prosjektleiar Helen Sivertstøl i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre. Saman med Ørsta næringskontor arbeider ho også med masterplanen for Ørsta og Hjørundfjorden.
- Det er viktig at dette ikkje vert eit område ein berre reiser igjennom, men der ein stoppar opp i fleire dagar og tek del i ulike aktivitetar.
- Det skal vere ei ekte oppleving, med lokalmat, lokale guidar og lokal historie.
Ho rosar mange nye initiativ, men åtvarar mot dei som meiner at her skal leggjast til rette for turist-tilstrøyming i stor skala.
- Nei, Hjørundfjorden må ikkje verte ei turistmaskin.
Dette er ei satsing ho helsar velkomen. Det same med leiar Odd Magne Vinjevoll i Ørsta næringskontor.
- Dette er grupper på 300-350 turistar, og ikkje mange tusen.
- Vi arbeider no med opplegg for desse turistane, seier Vinjevoll.
Han fortel om kyrkjekonsertar og guida turar både på land og til sjøs.
- Vi har eit tjuetals aktivitetstilbod vi arbeider med å utvikle, seier Vinjevoll.
Dei siste har planar om å frakte cruiseturistar frå Ålesund til Hjørundfjorden og tilbake.
- Dette er med mindre båtar, så dette helsar vi absolutt velkomen.
- Det vi ikkje ønskjer, er mange tusen cruiseturistar på same tid, seier Vinjevoll.
- Målet er å skape verdiar for dei som bur her, og det er alltid slik at det som er ein god plass å bu for dei lokale, det er også ein god plass for turistar å besøke.
- Sjå berre på Trandal, der folketalet har dobla seg på få år takka vere satsinga Christian Gaard.
Det seier prosjektleiar Helen Sivertstøl i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre. Saman med Ørsta næringskontor arbeider ho også med masterplanen for Ørsta og Hjørundfjorden.
Småskala turisme
Ho ser store mulegheiter, men meiner at Hjørundfjorden og bygdene rundt må satse på småskala turisme, og det ho kallar berekraftig turisme.- Det er viktig at dette ikkje vert eit område ein berre reiser igjennom, men der ein stoppar opp i fleire dagar og tek del i ulike aktivitetar.
- Det skal vere ei ekte oppleving, med lokalmat, lokale guidar og lokal historie.
Ho rosar mange nye initiativ, men åtvarar mot dei som meiner at her skal leggjast til rette for turist-tilstrøyming i stor skala.
- Nei, Hjørundfjorden må ikkje verte ei turistmaskin.
Planlegg for Hurtigruten
Frå våren 2021 vil Hurtigruten stoppe med fleire av sine skip i Hjørundfjorden på sine .Dette er ei satsing ho helsar velkomen. Det same med leiar Odd Magne Vinjevoll i Ørsta næringskontor.
- Dette er grupper på 300-350 turistar, og ikkje mange tusen.
- Vi arbeider no med opplegg for desse turistane, seier Vinjevoll.
Han fortel om kyrkjekonsertar og guida turar både på land og til sjøs.
- Vi har eit tjuetals aktivitetstilbod vi arbeider med å utvikle, seier Vinjevoll.
Ønskjer ikkje mange tusen på same tid
Også Havila Kystruten ønskjer å satse meir på Hjørundfjorden når deira skip kjem i drift, det same med Cruise Service.Dei siste har planar om å frakte cruiseturistar frå Ålesund til Hjørundfjorden og tilbake.
- Dette er med mindre båtar, så dette helsar vi absolutt velkomen.
- Det vi ikkje ønskjer, er mange tusen cruiseturistar på same tid, seier Vinjevoll.
Vil skape verdiar
Helen Sivertstøl seier at Hjørundfjorden, Norangsdalen og bygdene rundt er perfekt for småskala reiseliv.- Målet er å skape verdiar for dei som bur her, og det er alltid slik at det som er ein god plass å bu for dei lokale, det er også ein god plass for turistar å besøke.
Publisert: 20.06.2020 05:58
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:58