Ein heilt haaplaus formueskatt
HAREID: Sivert Bjørnstad (t.v.), næringspolitisk talsmann for Frp, møtte torsdag Øyvind Halkjelsvik og Bjørn Teigene for Hareid Group. T.h. ordførarkandidat Oskar Grimstad i Hareid.  
Nytt

- Ein heilt håplaus formueskatt

Hareid Group-aksjonær Bjørn Teigene meiner det er heilt urimeleg han må betale formueskatt når selskapet går med tap.

29.08.2019
- Det er rett og slett ikkje rimeleg, og fører til at vi må tappe pengar frå ei bedrift som burde hatt desse pengane til å utvikle bedrifta.
Det seier Bjørn Teigene etter eit møte med Frp sin finanspolitiske talsperson Sivert Bjørnstad og eks-stortingsrepresentant og ordførarkandidat Oskar Grimstad (Frp) frå Hareid.
Hareid Group-konsernet hadde i fjor rekordomsetning på 1,1 milliardar kroner, men fekk eit resultat før skatt på minus 46 millionar kroner.
Like fullt må eigarane betale formueskatt.

- Konkurransevridande

Hareid Group har ti aksjonærar. Dei to største er Bjørn Bjåstad og familien og Bjørn Teigene og familien - begge med 39,9 prosent.
- Kvar skal vi til slutt ta desse pengane frå? Skal vi selje utstyr, eller kva? spør Teigene.
Han meiner at skatten også er konkurransevridande, så lenge ein konkurrerer med utanlandsk eigde selskap, som slepp formueskatt.
- Denne særskatten på familieeigde norske selskap er heilt håplaus, seier Teigene.

Verdsetjingsrabatt

Sivert Bjørnstad er samd, men meiner at regjeringa har tatt grep som vil gjere det lettare for dei familieeigde selskapa, blant anna gjennom innføring av verdsetjingsrabatt for å skjerme betre arbeidande kapital.
- Målet er å få til eit system der ein betalar formueskatt for yachtar, svære bilar og andre private investeringar, og skjermar investeringar i næringssatsing.
Konstituert konsernsjef Øyvind Halkjelsvik i Hareid Group var også opptatt av samferdsle, og at ein ikkje stoppar planane med bygging av Hafast.
- Vi ser kva som skjedde med Eiksundsambandet. Ingen vil tilbake til dei tidene der vi måtte vente på ferje.
- Same positive effekten vil vi få om vi får Hafast, der vi vil knyte Hareidlandet og Ålesund-regionen mykje tettare saman.

Uroleg for Kleven

Halkjelsvik etterlyste også større satsing i Hareid på bu- og trivseltiltak for å rekruttere tilsette og få fleire til å busetje seg i kommunen.
- I tillegg er det behov for fleire byggjeklare tomter.
Han opplyser at det framleis er krevjande tider for Hareid Group-konsernet, sjølv om den norske delen no går betre.
Han håper at det vert funne ei god løysing for dagens Kleven.
- At Kleven overlever er svært viktig for Hareid Group som selskap, men ikkje minst viktig for utviklinga av heile regionen.
Denne særskatten på familieeigde norske selskap er heilt håplaus

Publisert: 29.08.2019 13:28

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:38