Nytt
Ein sjettepart mot målet
Hafast har fått tilsagn og garantiar om tilsaman 1,1 millionar kroner i ny eigenkapital. Målet er seks millionar.
25.11.2020
Hafast arbeider for å få bygd bru mellom Hareidlandet og Sula, eit samband som vil gjere at det er råd å reise ferjefritt mellom søre Sunnmøre og Ålesund-regionen.
No er selskapet i ferd med å fylle kassa gjennom ei kapitalutviding som kan vare til sommaren 2022, med eit mål om å få inn seks millionar kroner.
- Vi er komne nokså langt, seier styreleiar Harald Tom Nesvik i Hafast om status så langt i emisjonsperioden.
Nesvik seier selskapet har berekna at det treng omlag 800.000 kroner i gjennomsnitt årleg for å finansiere arbeidet selskapet planlegg å gjere for å få Stortinget til å vedta at brua skal byggast.
Sparebanken er største eigar, med 27,9 prosent av aksjane. Næringsforeningen Ålesundregionen eig 6,6 prosent. Kongsberg Maritime, Sparebank1 Søre Sunnmøre og Møre og Romsdal Fylkeskommune eig 3,95 prosent kvar.
No er selskapet i ferd med å fylle kassa gjennom ei kapitalutviding som kan vare til sommaren 2022, med eit mål om å få inn seks millionar kroner.
- Vi er komne nokså langt, seier styreleiar Harald Tom Nesvik i Hafast om status så langt i emisjonsperioden.
Over 1,1 millionar kroner
10 større aksjonærar har hittil sagt at dei vil vere med. 800.000 kroner er garantert at vil kome, og over 300.000 er det gitt tilsagn om skal kome.Nesvik seier selskapet har berekna at det treng omlag 800.000 kroner i gjennomsnitt årleg for å finansiere arbeidet selskapet planlegg å gjere for å få Stortinget til å vedta at brua skal byggast.
Mange eigarar
Hafast, eller Hareid Fastlandssamband as, som selskapet heiter, har 46 aksjonærar.Sparebanken er største eigar, med 27,9 prosent av aksjane. Næringsforeningen Ålesundregionen eig 6,6 prosent. Kongsberg Maritime, Sparebank1 Søre Sunnmøre og Møre og Romsdal Fylkeskommune eig 3,95 prosent kvar.
Publisert: 25.11.2020 16:24
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:06