Fishfacts
KONSENTRERT FISKE: Makrellfisket foregår i eit konsentrert område nordaust for Færøyane. Her skisse frå Fishfacts som viser store deler av flåten på veg ut i helga. No er trafikken snudd, og eit stort antal båtar stimar mot land. Skisse: Fishfacts
Nytt

Ein stim av båtar mot land

Store deler av makrellflåten stimar mot land med fangst. Pelagia Selje ventar inn åtte båtar.

21.09.2022

Etter dårleg vêr i slutten av sist veke, gjekk dei fleste ringnotfartøya på feltet igjen over helga. Og måndag, tysdag og onsdag har det vore friskt fiske i eit konsentrert område rundt 40-50 mil aust for grensa til færøysonen.

Måndag vart det meldt inn 35 fangstar på totalt 8.535 tonn, inkludert Gunnar Langva med 795 tonn, Eros med 560 tonn, Herøyhav med 500 tonn og Sæbjørn med 390 tonn. Mange av fangstane gjekk til anlegga på Nordvestlandet.

Stor trafikk
Tysdag vart det meldt inn heile 68 fangstar med totalt 7.774 tonn, og fram til klokka 11 onsdag det er ytterlegare meldt inn nye 33 fangstar på totalt 3.319 tonn. Fleire av fangstane er relativt små, men går til konsum.

Dette betyr at eit hundretals båtar no er på veg til lands med fangst, og mange kursar mot anlegga på Nordvestlandet. Det viser både trafikkdata frå Marine Traffic og innmeldingsjournalen til Sildesalslaget.

Lokale kjøparar
Ivrigaste kjøparen siste to døgna har Pelagia Selje vore. Hit er følgjande åtte båtar på veg; Gambler, Storeknut, Bjarne Nilsen, Ketlin, Skarholmen, Ligrunn og Nordsjøbas, der Gambler har største fangsten på 530 tonn.

Men det er båtar på veg til mange andre av mottaksanlegga i nordvest. Av fangstar innmeldt tysdag og onsdag er tre båtar på veg til Nils Sperre på Ellingsøya, og to båtar til Brødrene Sperre. Fosnavaag Pelagic ventar tre båtar, Karsten Flem på Flemsøya to båtar, Olav E. Fiskerstrand på Fiskarstranda tre båtar, Pelagia Måløy fire båtar og Måløy Seafood to båtar.

Fleire båtar har ikkje tatt fast kjøpar, som Skår Senior, som er på veg med 195 tonn.

Sildelaget opplyser at siste veke vart det fiska 21400 tonn makrell. Tysdagen blei den beste dagen med nesten 12.000 tonn, størstedelen frå havflåten som fiska ute i Nordsjøen. Mot slutten av veka kom det myke vind på havet og dei fleste båtane kom til lands med det dei hadde om bord torsdagen.

Publisert: 21.09.2022 11:05

Sist oppdatert: 21.09.2022 11:12

Mer om