Eira
RETTSSAK: Eirawater vert omtala som ekstra reint og fiskt. No kjempar selskapet for å få lov til å vere kunde vidare med Romsdals Sparebank. Foto: Eirawater
Nytt

Eirawater til sak mot Romsdal Sparebank

Banken fryktar at vassprodusenten er finansiert av pengar frå terrorverksemd.

15.03.2022

Eirawater stemnar Romsdal Sparebank for retten, for å ha blitt forsøkt kasta ut som kunde.

Det skriv NRK Møre og Romsdal tysdag.

Eirawater produserer kjeldevatn i Eresfjord, og har ni tilsette.

Emiratane og Saudi Arabia
Ifølgje Brønnøysundregistra er eigarane frå Saudi-Arabia og Dei foreinte arabiske emiratar. Største eigar er Eden Global Investment Limited med 40,5 prosent. Selskapet Norwegian Water, der North Star For Real Estates Services er største aksjonær, eig 23,5 prosent, medan Abudlrahamn Salman Alhalafi eig 20,0 prosent.

Romsdal Sparebank ønsker å kaste Eirawater ut som kunde, og fryktar at pengane bak selskapet kjem frå kvitvasking av terrorpengar.

Eirawater kjempar på si side for å oppretthalde kunderforholdet med banken, som i Romsdal tingrett i november i fjor fekk medhald, men der Frostating lagmanssrett omgjorde vedtaket, slik at kundeforholdet framleis gjeld til saka er endeleg avgjort.

Samstundes fekk Eirawater ein frist til 15. mars til stemne banken for retten. Roger Sporsheim, som er advokat for Eirawater, seier til NRK Møre og Romsdal at stemninga no er levert til Møre og Romsdal tingrett.

Promotert av kjendisar
Det er førebels ikkje sett av dato til rettsaka.

Eirawater omsette i 2020 for 12,4 millionar kroner og hadde eit resultat før skatt på minus 10,2 millionar.

På heimesida til Eirawater vert vatnet omtala som ekstra reint og friskt, og der fleire kjendiskokkar og restaurant-eigarar reklamerer for produktet, som Bent Stiansen og Tom Victor Gausdal.

Publisert: 15.03.2022 13:01

Sist oppdatert: 15.03.2022 19:49

Mer om