Nytt
Eit todelt næringsliv i koronaåret
Frykta for at 2020 skulle bli eit heilsvart år ser ut til å ha blitt gjort til skamme. Les analyse og sjå lista over dei 100 største bedriftene på Nordvestlandet.
04.12.2020
Sjå lista over dei 100 største bedriftene på Nordvestlandet under saka
Bedriftene på Nordvestlandet fekk eit oppsving både i inntekter og lønsemd i 2019. Dei største tapa er enda meir konsentrerte om eit fåtal bedrifter og bransjar. Av selskapa på Nordvestlandet som gjekk i minus i fjor stod ti selskap for nesten 70 prosent av underskotet.
Og trass i koronaepidemien har store deler av næringslivet klart seg godt hittil i 2020.
– Det var mellom lunsj og middag 12. mars, vi hadde ingen andre val enn å stenge, sa dagleg leiar og medeigar i restaurantselskapet Bro i Ålesund, Ann-Helen Svinø til NETT NO i oktober i år.
Ho og kollegaene lever av at folk møtest. Koronaepidemien og tiltaka mot den, førde til at heile restaurantbransjen blei kasta ut i uvisse, ei uvisse bransjen framleis lever med. Bro hadde blitt det største restaurantselskapet i Ålesund allereie i sitt første heile driftsår - i 2019. 2020 skulle gi ytterlegare vekst og plussresultat.
På kjøpesenteret Amfi Moa var det til tider folketomt, som biletet frå starten av april viser. Frisørar og andre verksemder med fysisk kundekontakt måtte stenge. Andre stengde av smittvernomsyn og/eller fordi kundane uteblei.
Denne artikkelen er berre noko av innhaldet i det 84 sider store NETT NO-magasinet om næringsliv og samfunnsliv på Nordvestlandet.
Les heile . I tillegg til intervju med ein rekke optimistar frå ulike bransjar, gir magasinet for åttende år på rad oversikt over hvordan det går med næringslivet på Nordvestlandet.
– Det har vore rett i taket i lengre tid, sa Rune Koppen, dagleg leiar og eigar av byggevareselskapet Koppen Industrier i Volda til NETT NO i slutten av april. Folk som måtte vere heime tok malarkost og hammar fatt, og pussa opp og bygde terrassar for harde livet.
Litt seinare på våren gjekk Anita Tilseth i Hageland Tilseth i Volda tom for settepotter og jordbærplanter. Etter første halvår hadde Hagelandkjeda ein vekst på 45 prosent, og alt av matvekstar auka enda meir.
– Vi har bemanna litt og litt opp, og gjer det framleis. Vi har framleis god aktivitet og det ser jammen santen ikkje så verst ut framover heller, sa administrerande direktør Kjell Norvoll då Nogva Motorfabrikk la fram tala for 2019 i juni i år.
Koronaepidemien og tiltaka mot den, dempa aktiviteten i ein periode, men selskapet permitterte ikkje. Alt i sommar var aktiviteten på veg tilbake til nivået før koronaepidemien kom.
Sjå lista over dei 100 største bedriftene på Nordvestlandet under saka
Hos Ann-Helen Svinø på Bro blei juli så bra at inntektene fekk selskapet over kneika og sikra likviditet til hausten. Om ikkje nye innstrammingar kom, var Svinø si vurdering i oktober at selskapet no kunne drive i balanse.
Ved Hotel Alexandra, ein av dei største reiselivsaktørane i regionen, reknar hotelldirektør Richard Grov med at lønnsemda for året blir god nok til at den gir nye investeringsmusklar. Og ved Kaibutikken i Måløy slo omsetninga alle rekordar. Frykta for at 2020 skulle bli eit heilsvart år for næringslivet på Nordvestlandet ser ut til å ha blitt gjort til skamme.
Men koronaepidemien er ikkje over, og utover hausten auka smitten i Europa. Før vaksiner er på plass eller epidemien brenn ut av seg sjølv, utgjer den framleis ein fare, både for helse, men også for næringslivet. Nye omfattande nedstengingar er ikkje utelukka.
Sjå lista over dei 100 største bedriftene på Nordvestlandet under saka
Medan dei tre første truleg vil vere i god fart igjen straks koronaepidemien er over, kan dei negative konsekvensane for offshorereiarlag og skipsverft vere meir langvarig.
Databasen som NETT NO får laga til dette magasinet omfattar i alt 2512 bedrifter, kvar med minimum fem millionar kroner i driftsinntekter. 565 av desse hadde eit resultat før skatt i minus i fjor. I alt var underskotet hos bedriftene som tapte pengar på til saman 8,8 milliardar kroner.
Men heile 6,1 milliardar av dette underskotet kom frå berre 10 selskap; Vard, Kongsberg Martime CM (tidlegare Rolls- Royce Marine), Havila Shipping og Havila Ships, Ulstein Verft og morselskapet Ulstein Group, Bourbon Ships og morselskapet Bourbon Offshore Norway, Island Drilling Company og Farstad Supply (ein del av Solstad Offshore-konsernet).
I 2018 jekk 645 bedrifter i minus, med eit samla underskot på 10 milliardar kroner. 6,9 milliardar av underskotet skreiv seg frå dei 10 selskapa som var mest ille ute – langt på veg dei same som i 2019. Også blant dei 100 største er det blitt færre selskap med minusresultat. 22 i 2019, 32 i 2018.
Både oljebransjen og verfta som har satsa på cruiseskipsmarknaden, er råka av koronapandemien. Den har redusert oljeetterspørselen, mellom anna fordi flytrafikken er kraftig redusert – og drivstoffetterspørselen med den.
I staden for eit gryande oppsving i etterspørselen etter offshorefartøy blei det i staden en ytterlegare nedtur. Smittefaren om bord i cruiseskipa har sendt dei fleste i opplag. Dermed la også cruisereiarlaga nybyggingsplanar på is.
Satsinga på å bygge cruiseskip har kosta både Vard, Ulstein og konkursråka Kleven Verft dyrt.
Håpet var at lærdomen frå første runde skulle slå ut i at verfta greidde å bygge neste runde med cruiseskip med overskot. No er den runda i beste fall utsett.
Delinga av næringslivet på Nordvestlandet, mellom tungvektarane som slit og underskogen som går i pluss, viser seg også att hos skipsverfta. Dei små og mellomstore greier seg stort sett godt, takka vere brønnbåtbygging, reparasjon og vedlikehaldsoppdrag.
Sjå lista over dei 100 største bedriftene på Nordvestlandet under
Tal i mill. kroner
Bedrift - driftsinntekter - res.f. skatt
Bedriftene er rangert etter driftsinntekter i 2019. Vi har teke utgangspunkt i einskild-selskap, ikkje konsern. Selskap i konsern dukkar difor opp fleire stader på lista. Kjelde Bisnode
ANALYSE:
Bedriftene på Nordvestlandet fekk eit oppsving både i inntekter og lønsemd i 2019. Dei største tapa er enda meir konsentrerte om eit fåtal bedrifter og bransjar. Av selskapa på Nordvestlandet som gjekk i minus i fjor stod ti selskap for nesten 70 prosent av underskotet.
Og trass i koronaepidemien har store deler av næringslivet klart seg godt hittil i 2020.
– Det var mellom lunsj og middag 12. mars, vi hadde ingen andre val enn å stenge, sa dagleg leiar og medeigar i restaurantselskapet Bro i Ålesund, Ann-Helen Svinø til NETT NO i oktober i år.
Ho og kollegaene lever av at folk møtest. Koronaepidemien og tiltaka mot den, førde til at heile restaurantbransjen blei kasta ut i uvisse, ei uvisse bransjen framleis lever med. Bro hadde blitt det største restaurantselskapet i Ålesund allereie i sitt første heile driftsår - i 2019. 2020 skulle gi ytterlegare vekst og plussresultat.
På kjøpesenteret Amfi Moa var det til tider folketomt, som biletet frå starten av april viser. Frisørar og andre verksemder med fysisk kundekontakt måtte stenge. Andre stengde av smittvernomsyn og/eller fordi kundane uteblei.
Denne artikkelen er berre noko av innhaldet i det 84 sider store NETT NO-magasinet om næringsliv og samfunnsliv på Nordvestlandet.
Les heile . I tillegg til intervju med ein rekke optimistar frå ulike bransjar, gir magasinet for åttende år på rad oversikt over hvordan det går med næringslivet på Nordvestlandet.
Koronaboom i hagen
Nesten umiddelbart etter at store deler av aktiviteten i samfunnet vart stengt, kontortilsette flytta til heimekontor og handspritdispensarar dukka opp over alt, skaut etterspørselen i veret hos trelastleverandørane.– Det har vore rett i taket i lengre tid, sa Rune Koppen, dagleg leiar og eigar av byggevareselskapet Koppen Industrier i Volda til NETT NO i slutten av april. Folk som måtte vere heime tok malarkost og hammar fatt, og pussa opp og bygde terrassar for harde livet.
Litt seinare på våren gjekk Anita Tilseth i Hageland Tilseth i Volda tom for settepotter og jordbærplanter. Etter første halvår hadde Hagelandkjeda ein vekst på 45 prosent, og alt av matvekstar auka enda meir.
– Vi har bemanna litt og litt opp, og gjer det framleis. Vi har framleis god aktivitet og det ser jammen santen ikkje så verst ut framover heller, sa administrerande direktør Kjell Norvoll då Nogva Motorfabrikk la fram tala for 2019 i juni i år.
Koronaepidemien og tiltaka mot den, dempa aktiviteten i ein periode, men selskapet permitterte ikkje. Alt i sommar var aktiviteten på veg tilbake til nivået før koronaepidemien kom.
Sjå lista over dei 100 største bedriftene på Nordvestlandet under saka
Produksjon i sommarferien
I løpet av våren kom varehandelen i gang for fullt, mellom anna i møbelbutikkane - noko som i sin tur slo ut i møbelfabrikkane. Ekornes, som i vår permitterte så mange av Sykkylven hamna på toppen av arbeidsløysetoppen, måtte i sommar be tilsette ta ferie på andre tider for å greie å produsere nok.Hos Ann-Helen Svinø på Bro blei juli så bra at inntektene fekk selskapet over kneika og sikra likviditet til hausten. Om ikkje nye innstrammingar kom, var Svinø si vurdering i oktober at selskapet no kunne drive i balanse.
Ved Hotel Alexandra, ein av dei største reiselivsaktørane i regionen, reknar hotelldirektør Richard Grov med at lønnsemda for året blir god nok til at den gir nye investeringsmusklar. Og ved Kaibutikken i Måløy slo omsetninga alle rekordar. Frykta for at 2020 skulle bli eit heilsvart år for næringslivet på Nordvestlandet ser ut til å ha blitt gjort til skamme.
Men koronaepidemien er ikkje over, og utover hausten auka smitten i Europa. Før vaksiner er på plass eller epidemien brenn ut av seg sjølv, utgjer den framleis ein fare, både for helse, men også for næringslivet. Nye omfattande nedstengingar er ikkje utelukka.
Sjå lista over dei 100 største bedriftene på Nordvestlandet under saka
Tøft i verft og offshore
I tillegg til reiseliv, kultur og utelivsbransjen er både offshorereiarlaga og skipsverfta, to av dei mest sentrale delane av næringslivet på Nordvestlandet, hardt råka av koronakrisa.Medan dei tre første truleg vil vere i god fart igjen straks koronaepidemien er over, kan dei negative konsekvensane for offshorereiarlag og skipsverft vere meir langvarig.
Databasen som NETT NO får laga til dette magasinet omfattar i alt 2512 bedrifter, kvar med minimum fem millionar kroner i driftsinntekter. 565 av desse hadde eit resultat før skatt i minus i fjor. I alt var underskotet hos bedriftene som tapte pengar på til saman 8,8 milliardar kroner.
Men heile 6,1 milliardar av dette underskotet kom frå berre 10 selskap; Vard, Kongsberg Martime CM (tidlegare Rolls- Royce Marine), Havila Shipping og Havila Ships, Ulstein Verft og morselskapet Ulstein Group, Bourbon Ships og morselskapet Bourbon Offshore Norway, Island Drilling Company og Farstad Supply (ein del av Solstad Offshore-konsernet).
I 2018 jekk 645 bedrifter i minus, med eit samla underskot på 10 milliardar kroner. 6,9 milliardar av underskotet skreiv seg frå dei 10 selskapa som var mest ille ute – langt på veg dei same som i 2019. Også blant dei 100 største er det blitt færre selskap med minusresultat. 22 i 2019, 32 i 2018.
Oljebransjen til felles
Det selskapa med dei største underskota har til felles er at dei er, eller var, ein del av oljebransjen. For Vard og Ulstein sin del var dei ein del av oljebransjen gjennom å bygge offshoreskip, men lukkast å få kontraktar på å bygge cruiseskip då offshorereiarane slutta å bestille nytt.Både oljebransjen og verfta som har satsa på cruiseskipsmarknaden, er råka av koronapandemien. Den har redusert oljeetterspørselen, mellom anna fordi flytrafikken er kraftig redusert – og drivstoffetterspørselen med den.
I staden for eit gryande oppsving i etterspørselen etter offshorefartøy blei det i staden en ytterlegare nedtur. Smittefaren om bord i cruiseskipa har sendt dei fleste i opplag. Dermed la også cruisereiarlaga nybyggingsplanar på is.
Satsinga på å bygge cruiseskip har kosta både Vard, Ulstein og konkursråka Kleven Verft dyrt.
Håpet var at lærdomen frå første runde skulle slå ut i at verfta greidde å bygge neste runde med cruiseskip med overskot. No er den runda i beste fall utsett.
Delinga av næringslivet på Nordvestlandet, mellom tungvektarane som slit og underskogen som går i pluss, viser seg også att hos skipsverfta. Dei små og mellomstore greier seg stort sett godt, takka vere brønnbåtbygging, reparasjon og vedlikehaldsoppdrag.
Sjå lista over dei 100 største bedriftene på Nordvestlandet under
Dei 100 største bedriftene på Nordvestlandet
Tal i mill. kroner
Bedrift - driftsinntekter - res.f. skatt
Vard Group AS | 7938 | -1980 | |
Bunker Oil AS | 5827 | 80 | |
Coast Seafood AS | 4568 | 122 | |
Kongsberg Maritime Cm AS | 4115 | -1223 | |
H I Giørtz Sønner ASA10 | 3458 | 85 | |
Ulstein Verft AS | 2199 | -225 | |
Nordfjord Kjøtt AS | 2096 | 12 | |
Brødrene Sperre AS | 2037 | 7 | |
Platina Seafood AS | 1888 | 52 | |
Vard Electro AS | 1633 | 20 | |
Hofseth Aalesund AS | 1631 | 11 | |
Sparebanken Møre | 1488 | 811 | |
J E Ekornes AS | 1478 | 269 | |
Hofseth AS | 1476 | -20 | |
Ocean Supreme AS | 1460 | 43 | |
Inmarsat Solutions AS | 1442 | 482 | |
Roger Hofseth AS | 1357 | 6 | |
Brødr. Sunde A/S | 1349 | 151 | |
Nor Seafoods AS | 1336 | 16 | |
Stokke AS | 1323 | 137 | |
Nils Sperre AS | 1285 | -14 | |
Sfe Produksjon AS | 1179 | 345 | |
Optimar AS | 1049 | -29 | |
Rostein AS | 1046 | 238 | |
Seafood Farmers Of Norway AS | 1011 | 13 | |
Jangaard Export AS | 1003 | 34 | |
Farstad Supply AS | 948 | -471 | |
Norwegian Seafood Company AS | 936 | 14 | |
Tafjord Kraftproduksjon AS | 894 | 264 | |
Global Sales AS | 827 | 4 | |
Thermo-Transit Norge AS | 810 | 8 | |
Norsk Sjømat Stranda AS | 800 | 48 | |
Vartdal Plastindustri AS | 774 | 39 | |
Vard Accommodation AS | 768 | -62 | |
AS Møre Codfish Comp | 758 | -17 | |
West-Norway AS | 731 | 1 | |
Vik Ørsta AS | 713 | 55 | |
Tess Nord AS | 713 | 28 | |
Sølvtrans Rederi AS | 708 | 271 | |
Coldwater Prawns Of Norway AS | 678 | 0 | |
Hofseth Aqua AS | 631 | 131 | |
Mørenett AS | 619 | 107 | |
Selected Seafood AS | 608 | -1 | |
Mmc First Process AS | 604 | 48 | |
Sanco Holding AS | 600 | 91 | |
Villa Seafood AS | 595 | 9 | |
Island Offshore Management AS | 594 | 38 | |
Domstein Sjømat AS | 591 | 5 | |
Star Seafood AS | 586 | 4 | |
Fjordlaks AS | 577 | 15 | |
Olympic Holding Chartering AS | 566 | 6 | |
Bertel O Steen Møre og Romsdal AS | 551 | -2 | |
Møller Bil Ålesund AS | 523 | -5 | |
Global Florø AS | 513 | -4 | |
Larsnes Mek Verksted AS | 512 | 2 | |
Mørenot Aquaculture AS | 500 | -24 | |
Triplenine Vedde AS | 497 | 43 | |
Rem Ship AS | 494 | -47 | |
Selstad AS | 485 | 18 | |
Hg Handel AS | 485 | 17 | |
AS Aalesundfisk | 475 | 2 | |
Bourbon Ships AS | 465 | -200 | |
Havyard Design & Solutions AS | 461 | 4 | |
Tafjord Marked AS | 455 | 17 | |
Mørenot Fishery AS | 444 | 8 | |
Fiskerstrand Verft AS | 428 | 23 | |
K. Nordang AS | 427 | 7 | |
Gustav Stokke AS | 423 | 1 | |
Img Group AS | 421 | 53 | |
Epax Norway AS | 418 | 61 | |
Møre Trafo AS | 413 | 27 | |
Ødegaard Engros AS | 405 | 19 | |
Normarine AS | 401 | 7 | |
Havila Ships AS | 399 | -214 | |
Brunvoll Volda AS | 397 | 24 | |
Brødrene Aa AS | 396 | -16 | |
Cod-Export AS | 395 | 6 | |
Myklebust Verft AS | 380 | 25 | |
Båtbygg AS | 379 | 19 | |
Jets Vacuum AS | 379 | 37 | |
Artec Aqua AS | 378 | 22 | |
Farstad Construction AS | 367 | -63 | |
Sfe Kraft AS | 365 | 14 | |
Havila Shipping ASA | 364 | -894 | |
Polar Seafrozen AS | 364 | 5 | |
Sperre Industri AS | 362 | 78 | |
Pretre AS | 362 | 7 | |
Nogva Motorfabrikk AS | 359 | 37 | |
Ulstein Design & Solutions AS | 358 | 2 | |
Byggfag AS | 357 | 2 | |
Poly Har AS | 352 | 56 | |
Coldwater Prawns Production AS | 341 | 16 | |
Nlm-Barnehagene AS | 339 | 4 | |
Tufjordbruket AS | 328 | 8 | |
Olympic Crewing AS | 328 | 9 | |
Phl Seagold AS | 328 | 5 | |
Sparebank 1 Søre Sunnmøre | 327 | 167 | |
Drevik International AS | 324 | 5 | |
Fosnavaag Pelagic AS | 322 | -6 | |
Island Offshore Viii Ks | 318 | -108 |
Bedriftene er rangert etter driftsinntekter i 2019. Vi har teke utgangspunkt i einskild-selskap, ikkje konsern. Selskap i konsern dukkar difor opp fleire stader på lista. Kjelde Bisnode
Publisert: 04.12.2020 11:06
Sist oppdatert: 18.03.2021 09:36