Ekornes ber om pusterom
BER OM LETTE: Ruihai Zhaou er sjef og største eigar i Qumei Home Furniture Group, som er største eigar i Ekorneskonsernet. Han kjøpte Ekorneskonsernet i 2018 og obligasjonslånet er ein del av finansieringa av oppkjøpet.
Nytt

Ekornes ber om pusterom

Ekornes vil ha obligasjonslångivarane med på å lette på vilkåra.

28.05.2020
Salssvikt på grunn av koronaepidemien og frykt for ein dårleg marknad framover gjer at Ekornes QM Holding ber långivarane gå med på å endre vilkåra i obligasjonslånet.

Ekornes QM Holding tok i mars 2019 opp eit obligasjonslån på to milliardar kroner for å refinansiere eit lån som blei gitt for å kjøpe alle aksjane i Ekorneskonsernet i 2018. Ekornes QM Holding er eigd av kinesiske Qumei Home Furniture Group og eig 90,5 prosent av aksjane i Ekornes.

Frykta brot med lånevikåra

Ekornes QM Holding varsla alt tidleg i april at konsekvensen av koronaaepidemien kunne bli at selskapet kom til å bryte lånevilkåra sine.

Testar gjort etterpå viser at det ikkje er ein umiddelbar fare; men dagsens melding viser at selskapet ikkje tek sjansen på at skadeverknadane av koronaepideminen går fort over.

Hausten 2021

Framlegget til obligasjonslångivarane er mellom anna å lettet på kapitalkravet, fram til utgangen av juni 2021.
Til gjengjeld vil Ekornes sette inn 125 millionar kroner på ein eigen konto, som sikkerheit for å hindre at kassa går tom, og gir långivaranen ein ekstra prosent avkasting når lånet forfell til betaling.
Obligasjonlångivarane har frist til 5. juni med å svare på framlegget.

Publisert: 28.05.2020 14:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57