Det er selskapet Ekornes QM Holding AS som skal låne pengane.
DNB Markets har fått jobben med å få med investorar i obligasjonslånet.
Ekornes QM Holding er eigd av kinesiske Qumei Home Furniture Group og eig 90,5 prosent av aksjane i Ekornes.
I fjor haust prøvde Ekornes QM Holding å låne 2,4 milliardar kroner i obligasjonsmarknaden. No er målet å få inn to milliardar.
Pengane skal brukast til å refinansiere banklån som QM Holding tok opp for å kjøpe alle aksjane i Ekornes i fjor.
Lånet skal betalast attende etter 4,5 år.
Renta blir fastsett i forhandlingar med kreditorane før lånet blir tatt opp.
Hexagon Composites, som nyleg fekk lånt 1,1 milliard kroner i obligasjonsmarknaden, fekk ei rente på rundt fem prosent.
DNB Markets har fått jobben med å få med investorar i obligasjonslånet.
Ekornes QM Holding er eigd av kinesiske Qumei Home Furniture Group og eig 90,5 prosent av aksjane i Ekornes.
Tørka opp
- Markaden tørka opp før jul. No har aktiviteten plukka seg opp igjen, seier konsernsjef Olav Holst-Dyrnes i Ekornes.I fjor haust prøvde Ekornes QM Holding å låne 2,4 milliardar kroner i obligasjonsmarknaden. No er målet å få inn to milliardar.
Pengane skal brukast til å refinansiere banklån som QM Holding tok opp for å kjøpe alle aksjane i Ekornes i fjor.
Børsnotert
Planen er å notere obligasjonslånet på Oslo Børs. Det betyr at obligasjonane (gjeldsbreva) kan seljast og kjøpast på børsen.Lånet skal betalast attende etter 4,5 år.
Renta blir fastsett i forhandlingar med kreditorane før lånet blir tatt opp.
Hexagon Composites, som nyleg fekk lånt 1,1 milliard kroner i obligasjonsmarknaden, fekk ei rente på rundt fem prosent.
Publisert: 12.03.2019 11:42
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:32






