Samling av produksjonen i ein fabrikk skal spare 10 millionar kroner årleg.
Ekornes sine Stressless-stolar og -sofaer har tapt terreng dei siste åra. Det blir produsert færre Stressless-sitteplassar enn før, og spesielt stor er nedgangen for sofaer. Lansering av mange nye modellar frå og med årsskiftet 2013/2014 og framover har førebels ikkje ført til ein samla auke i salet.
Ekornes-sjef Olav Holst-Dyrnes har tidlegare varsla at kostnadskuttprogrammet selskapet arbeider med skal gi årlege innsparinga på 150 millionar kroner, og at verknaden av kutta skal vise seg allereie i år.
Målet er å ha gjennomført samlinga i Sykkylven i løpet av tredje og fjerde kvartal i år.
Flyttinga vil gi ein eingongskostnad på fem millionar kroner. I tillegg må selskapet truleg skrive ned verdien av fabrikkbygget i Hareid. Det er bokført til 38 millionar kroner.
Nærleiken til Ekornes sin hovudfabrikk er grunnen til at sofaproduksjonen blir samla i Sykkylven. Det gir større fleksibilitet, i følgje børsmeldinga.
Ekorneskonsernet har ikkje hatt ein underliggande vekst på ti år, veksten i driftsinntekter undervegs skuldast i hovudsak oppkjøp og valutaeffektar, sa Dyrnes.
Lanseringa av mange nye modellar sidan 2013/2014 er ikkje nok. Det er behov for ytterlegare satsing på produktutvikling, innovasjon og på marknadssida, skriv selskapet i dagens børsmelding.
Ekornes sine Stressless-stolar og -sofaer har tapt terreng dei siste åra. Det blir produsert færre Stressless-sitteplassar enn før, og spesielt stor er nedgangen for sofaer. Lansering av mange nye modellar frå og med årsskiftet 2013/2014 og framover har førebels ikkje ført til ein samla auke i salet.
Permitterer
I mai varsla selskapet at det permitterer folk i produksjonen av Stressless på grunn av svak ordreinngang. Produksjonskapasiteten blir kutta åtte prosent ved at folk blir permittert fem fredagar dei to månadane.Ekornes-sjef Olav Holst-Dyrnes har tidlegare varsla at kostnadskuttprogrammet selskapet arbeider med skal gi årlege innsparinga på 150 millionar kroner, og at verknaden av kutta skal vise seg allereie i år.
Tilbod om jobb
Dei som jobbar i produksjonen på Hareid får tilbod om jobb i Sykkylven, medan flyttinga gjer at det blir behov for færre tilsette i administrasjonen, i følgje børsmeldinga.Målet er å ha gjennomført samlinga i Sykkylven i løpet av tredje og fjerde kvartal i år.
Flyttinga vil gi ein eingongskostnad på fem millionar kroner. I tillegg må selskapet truleg skrive ned verdien av fabrikkbygget i Hareid. Det er bokført til 38 millionar kroner.
Kan takle vekst
Samlinga av sofaproduksjonen i Sykkylven betyr at Ekornes reduserer produksjonskapasiteten. Klarer selskapet å auke sofa-salet vil fabrikken i Sykkylven klare å ta unna ein større produksjon, i følgje børsmeldinga.Nærleiken til Ekornes sin hovudfabrikk er grunnen til at sofaproduksjonen blir samla i Sykkylven. Det gir større fleksibilitet, i følgje børsmeldinga.
Omstilling i starten
- Jobben er knapt nok begynt, sa Holst-Dyrnes då han snakka om omstillinga av Ekorneskonsernet på Næringsdriv-konferansen i Ålesund 10. juni i år.Ekorneskonsernet har ikkje hatt ein underliggande vekst på ti år, veksten i driftsinntekter undervegs skuldast i hovudsak oppkjøp og valutaeffektar, sa Dyrnes.
Lanseringa av mange nye modellar sidan 2013/2014 er ikkje nok. Det er behov for ytterlegare satsing på produktutvikling, innovasjon og på marknadssida, skriv selskapet i dagens børsmelding.
Publisert: 23.06.2016 09:09
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:58