Ekornes oppsving i 3 kvartal
OPPTUR: I mars såg det svart ut hos Ekornes-konsernet . Den ferske konsernsjefen Roger Lunde måtte permittere store deler av arbeidsstokken, men allereie i sommar var utfordringa å produsere raskt nok.
Nytt

Ekornes-oppsving i 3. kvartal

Har fått eit løft etter korona-sjokket. 

04.11.2020
Driftsinntektene til Ekornes-konsernet auka med 20 prosent i 3. kvartal samanlikna med 3. kvartal 2019 og 29 prosent samanlikna med 2. kvartal 2020.
Konsernet permitterte og gjorde Sykkylven til ei av kommunen med største arbeidsløysa i landet då koronakrisa kom i mars i år. Etter påske kom det ein kraftig rekyl i marknaden, der folk pussa opp og kjøpte nye møblar. Dei permitterte kom tilbake på jobb og Ekornes måtte justere på ferieavviklinga for å kunne levere nok.
Konsekvensen av dette viser seg i Ekornestala for 3. kvartal, som er offentlege i dag.

Tatt att det tapte

Stresslessstolar og -sofaer er hovudproduktet for Ekornes. Ved utøpet av 3. kvartal har salet av Stressless-møblar tatt att det som gjekk tapt då koronakrisa kom. Så langt er driftsinntektene frå Stresslessmøblar 1,7 milliardar kroner, som er same nivå som i 2029.
Samanlikna med 2. kvartal i år auka Stressless-salet i 3. kvartal med nesten 130 millionar kroner, til 580 millionar.
Også møblane med varemerket IMG og madrassprodusenten Svane har auka sal. Den auken gjer at konsernet samla sett har høgare driftsinntekter hittil i år enn etter same periode i 2019 (sjå tabell, på mobil finn du den nederst på sida).

Gode utsikter

Utsiktene for 4. kvartal er gode, skriv Ekornes i kvartalsrapporten for 3. kvartal 2020.
Alle Stressless-forhandlarane er tilbake i normal drift, ifølgje rapporten, og selskapet ventar og vidare vekst for Svane-madrassene og IMG-møblane.

Les også:



Publisert: 04.11.2020 12:33

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:03