Nytt
Ekornes på veg til børsen
Ekornes-konsernet returnerer til Oslo Børs, med nytt obligasjonslån.
19.03.2019
Etter at obligasjonslånet på to milliardar kroner til Ekorneseigar Ekornes QM Holding kom på plass i går, mandag 19. mars, er neste steg å børsnotere obligasjonslånet.
Det skal skje innan seks månadar har selskapet lova investorane, men Ekornessjef Olav Holst-Dyrnes seier selskapet ventar å ha børsnotering av lånet på plass i god tid før fristen.
Børsnotering av lånet gjer og at selskapet bak lånet må rapportere resultat som eit børsnotert selskap. Det gjer at det blir råd å følgje utviklinga i Ekornes gjennom rapportar kvart kvartal, slik som før selskapet fekk kinesisk eigar og vart tatt av børs i fjor haust.
I og med at det er Ekornes QM Holding som tek opp obligasjonslånet blir det det selskapet sine tal som blir lagt fram. Men Ekornes QM Holding har berre ei rolle, å vere eigar i Ekornes. Difor vil rapportane gir eit tilnærma likt bilete av utviklinga i Ekornes-konsernet som når Ekornes la fram sine eigne tal, i følgje Holst-Dyrnes.
Der måtte han svare på mange spørsmål om eigaren og planane eigaren har for Ekornes.
- Veldig mange kjenner Ekornes, men det er ikkje mange som kjenner eigaren, seier Holst-Dyrnes.
Ekornes QM Holding er eigd av kinesiske Qumei Home Furniture Group og eig 90,5 prosent av aksjane i Ekornes.
Qumei Home Furniture Group driv både møbelproduksjon og møbelhandel og er børsnotert i Shanghai i Kina.
Ei gruppering på tre aksjonærar sit med til saman 72,9 prosent av aksjane i selskapet. Ruhai Zhao er sjefen i selskapet og eig 33,15 prosent, Rubin Zhao eig 32,44 prosent og Riuijhe Zhao 7,28 prosent.
Det skal skje innan seks månadar har selskapet lova investorane, men Ekornessjef Olav Holst-Dyrnes seier selskapet ventar å ha børsnotering av lånet på plass i god tid før fristen.
Meir informasjon
Ved å børsnotere eit obligasjonslån kan obligasjonane - gjeldsbreva - kjøpast og seljast på børsen. Det gjer det råd for investorane å kome seg ut av investeringa før lånet skal betalast attende, i dette tilfelle om fire og eit halvt år.Børsnotering av lånet gjer og at selskapet bak lånet må rapportere resultat som eit børsnotert selskap. Det gjer at det blir råd å følgje utviklinga i Ekornes gjennom rapportar kvart kvartal, slik som før selskapet fekk kinesisk eigar og vart tatt av børs i fjor haust.
I og med at det er Ekornes QM Holding som tek opp obligasjonslånet blir det det selskapet sine tal som blir lagt fram. Men Ekornes QM Holding har berre ei rolle, å vere eigar i Ekornes. Difor vil rapportane gir eit tilnærma likt bilete av utviklinga i Ekornes-konsernet som når Ekornes la fram sine eigne tal, i følgje Holst-Dyrnes.
30 møte
Holst-Dyrnes hadde rundt 30 møte med investorar i samband med obligasjonslånet, i alle nordiske land med unntak av Island, og i London og Frankfurt.Der måtte han svare på mange spørsmål om eigaren og planane eigaren har for Ekornes.
- Veldig mange kjenner Ekornes, men det er ikkje mange som kjenner eigaren, seier Holst-Dyrnes.
Ekornes QM Holding er eigd av kinesiske Qumei Home Furniture Group og eig 90,5 prosent av aksjane i Ekornes.
Qumei Home Furniture Group driv både møbelproduksjon og møbelhandel og er børsnotert i Shanghai i Kina.
Ei gruppering på tre aksjonærar sit med til saman 72,9 prosent av aksjane i selskapet. Ruhai Zhao er sjefen i selskapet og eig 33,15 prosent, Rubin Zhao eig 32,44 prosent og Riuijhe Zhao 7,28 prosent.
Publisert: 19.03.2019 09:03
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:32