2024 starta ille for Ekornes-konsernet, med eit underskot på 102 millionar kroner i første kvartal.
Kostnadskutt og prisauke sikra at møbelprodusenten har drive med eit resultat nær balanse i andre og tredje kvartal, trass fallande inntekter.
No ser selskapet eit lite oppsving i marknaden og ventar både inntektsvekst og betra lønsemd, ifølgje kvartalrapporten per 3. kvartal.
Tilbakeslag etter boom
Etter at boomen under koronapandemien gikk over, fall både lønsemd og inntekter. Ekornes både permittert og sa opp tilsette for å kutte kostnadar.
I eit intervju med Nett No i sommar forklarte konsernsjef Tine Hammersnes Leopold korleis Ekornes skal betre lønsemda framover.
Planen omfatta mellom anna betre samordning og effektivisering av organisasjonen, redusere talet på møbelmodellar og styrke arbeidet med sal og marknadsføring.
Samanlikne med 3. kvartal 2023 fall driftsinntektene til Ekornes-konsernet med 10,6 prosent i 3. kvartal i år.
Målt i kroner er fallet om lag likt for Stressless-møblane og IMG-møblane.
Inntektene frå Stressless-møblane utgjorde 73 prosent av dei samla inntektene i 3. kvartal.
Ekornes QM Holding as | ||
Pr. 3. kvartal. I mill. kroner | 2024 | 2023 |
Driftsinntekt | 2800,8 | 3095,5 |
Driftsresultat | 50,2 | 44,8 |
Resultat før skatt | -107,6 | -150,9 |
Ekornes QM Holding as | ||
3. kvartal. I mill. kroner | 2024 | 2023 |
Driftsinntekt | 852,3 | 953,4 |
Driftsresultat | 36,7 | 92,6 |
Resultat før skatt | -4,1 | 4,4 |
Publisert: 30.10.2024 11:01
Sist oppdatert: 30.10.2024 11:25