Geir Håøy foto Ogne
VEKST: Ordreinngangen til Kongsberg Maritime steig med 1,4 milliardar kroner, til 4,9 milliardar i tredje kvartal viser kvartalsrapporten som konsernsjef Geir Håøy la fram i dag. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Ekstra sal på over ein milliard etter Rolls-Royce-kjøpet

Sel meir saman enn Kongsberg Gruppen og Rolls-Royce Marine gjorde kvar for seg.

29.10.2021

Gevinsten ved at Kongsberg Gruppen tok over den tidlegare marinedivisjonen til Rolls-Royce er at selskapet kan tilby eit større og meir komplett produktspekter en dei to selskapa kunne kvar for seg.

Sjå resultatpresentasjonen her

Det har gitt eit ekstra sal som dei to selskapa ikkje ville fått om dei framleis var to, ifølgje kvartalsrapporten til Kongsberg Gruppne. for 3. kvartal.

Les børsmelding her

Så langt i år er det snakk om eit ekstra sal på over ein milliard kronere. I fjor utgjorde det 700 millionar.

Auka ordreinngang
Den tidlegare marinedivisjonen til Rolls-Royce, medrekna verksemdene på Nordvestlandet, er no en del av Kongsberg Maritime, det største selskapet i Kongsberg Gruppen.

Ordreinngangen til Kongsberg Maritime auka med 1,4 milliardar kroner i 3. kvartal samanlikna med 3. kvartal 2020, til 4,9 milliardar kroner.

I årets ni første månadar har ordreinngangen auka med 1,1 milliardar kroner samanlikna med same periode i 2021.

Ordrereserven har auka frå 11,7 milliardar kroner ved utgangen av 3. kvartal 2020 til 12,9 milliardar ved utgangen av 3. kvartal 2021.

Vind er størst
Omlag halvparten av det ekstra salet på grunn av Rolls-Royce-kjøpet, kjem frå sal til vindkraft-prosjekt.

Den største einskildkontrakten til Kongsberg Maritime i kvartalet er også til vindkraftprosjekt. Kongsberg Maritime skal levere teknologipakkar til to vindinstallasjonsskip som det kinesiske verfta COSCO byggjer for det danske selskapet Cadeler. Den kontrakta er på 480 millionar kroner.

Kongsberg Maritime as
Pr. 3. kvartal. I mill. kroner20212020
Driftsinntekt1163212000
Driftsresultat951718
Kongsberg Martime as
3. kvartal. I mill. kroner20212020
Driftsinntekt37343695
Driftsresultat403227
Kongsberg Gruppen ASA (konsern)
Pr. 3. kvartal20212020
Driftsinntekt1934218464
Driftsresultat20191326
Resultat før skatt20211203

Publisert: 29.10.2021 08:13

Sist oppdatert: 29.10.2021 08:37