Trond Lars Nydal Ogne
GOD UTVIKLING: Sparebanken Møre-sjef Trond Lars Nydal har auka utlåna til næringslivet med 10,3 prosent i siste 12-månadersperiode. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Ekstra utbytte frå Sparebanken Møre

89 millionar ekstra til eigenkapitalbevis-eigarane.

26.10.2021

I vår vedtok Sparebanken Møre å dele utbytte på 4,5 kroner per eigenkapitalbevis etter 2020, men opna samstundes for at det kunne bli meir seinare. No har styret i banken vedtatt å dele ut eit tilleggsutbytte på ni kroner per eigenkapitalbevis etter nok eit godt kvartal for banken (sjå tabell).

Tilleggsutbyttet utgjer til saman 89 millionar kroner.

Les børsmelding her

Meir gåvemidlar
Sparebanken Møre er delvis sjølveigande (50,4 prosent) og delvis eigd av investorar (49,6 prosent). Når investorane får utbytte blir det samstundes sett av pengar som blir delt ut til det banken meiner er samfunnsnyttige formål.

Med det siste utbyttevedtaket betyr det at det er sett av til saman 135 millionar kroner som skal delast ut som gåvemidlar frå banken.

Mest låneauke til næringslivet
Dei siste 12 månadane har samla utlån frå Sparebanken Møre auka med 6,2 prosent.

Utlån til næringslivet har auka med 10,3 prosent, til private med 4,3 prosent.

Banken ventar at den samla utlånsveksten i 2021 vil ende på omlag fem prosent.


Sparebanken Møre

Pr. 3. kvartal. I mill. kroner

20212020
Inntekter11541127
Resultat før tap676654
Resultat før skatt632540
Sparebanken Møre
3. kvartal. I mill. kroner20212020
Inntekter391383
Resultat før tap231234
Resultat før skatt229198

Publisert: 26.10.2021 08:47

Sist oppdatert: 26.10.2021 08:56

Mer om