Elektrovekst på Nordfjordeid
Eid Elektro og Normatic har meir enn dobla driftsinntektene på ti år.
Eid Elektro og Normatic er to av dei sentrale bedriftene i elektro-miljøet på Nordfjordeid på Nordfjord, som er ei viktig drivkraft for at det er etablert eit lokalt fagskuleutdanning på Nordfjordeid innan elektro og automasjon.
Tilbodet gjer det råd å studere på deltid, i kombinasjon med arbeid.
Les også: Lokkar med 90 jobbar
Bedriftene fryktar for rekrutteringa, og at mangel på folk kan bli ein flaskehals for vidare vekst. Det er bakgrunnen for at tilbodet blei oppretta.
Over dobling
Både Eid Elektro og Normatic har hatt sterk vekst gjennom fleire år.
Eid Elektro hadde 119,5 millionar kroner i driftsinntekter i fjor. Det er ny rekord og over tre gangar meir enn for 10 år sidan. Selskapet sysselsette 67 årsverk i 2019.
Normatic har i same periode dobla driftsinntektene og nådde 100,6 millionar kroner i driftsinntekter i 2019. Berre i 2016 har driftsinntektene vore høgare (106 millionar kroner). Normatic sysselsette 54 årsverk i 2019.
Lokalt eigd
Både Eid Elektro og Normatic har lokale eigarar.
Dagleg leiar Hans Inge Solheim og styremedlen Per-Atle Hjelmeland eig 23,25 prosent kvar i Normatic. Styreleiar og salsleiar Einar Løken og markandssjef Tom Andre Skjerven eig 15,13 prosent kvar.
Eid Elektro er eigd av Eidel Invest, der Ole Martin Kjøllesdal (40 prosent) og Tore Erik Hjelle (40 prosent) er største aksjonærar.
Publisert: 21.07.2020 12:50
Sist oppdatert: 05.07.2021 14:57