Emisjon og leiarskifte i L K Hjelle
SKIFTAR ROLLE: Storaksjonær Dag Frode Hjelle blir ansvarleg for sal og utvikling i L.K. Hjelle når selskapet har fått på plass ny administrerande direktør.
Nytt

Emisjon og leiarskifte i L.K. Hjelle

Møbelprodusenten L.K. Hjelle i Sykkylven får fleire lokale og regionale investorar inn på eigarsida.

30.11.2018
- Det er primært lokale/regionale investorar som har tru på både bedrifta og framtida, seier Bjørn Gjerde i bedriftsrådgivingselskapet MRB om kven som går inn som medeigarar i L.K. Hjelle Møbelfabrikk.
Dagens eigarar blir med vidare. Førebels er det for tidleg å gå ut med kor mykje pengar som blir skote inn i selskapet og den nøyaktige aksjonærsamansettinga etter emisjonen, i følgje Gjerde.

Vekstpotensiale

Pengane frå emisjonen skal først og fremst gå til å styrkje sal og marknadsføring. Målet er å skape vekst.
Selskapet har allereie ein eksportandel på over 35 prosent, og det skal bli meir.
- Bedrifta har eit veldig stort internasjonalt potensiale, seier Gjerde.

Siesta-suksess

L.K. Hjelle rettar seg mot godt betalande kundar og har ein produksjon med eit høgt innslag av handverk.
I 2014 kjøpte selskapet retten til å produsere Siesta-stolane, ein over 50 år gamal designklassikar i norsk møbelindustri. Siesta-stolen blei brukt til å løfte selskapet i eksport-marknaden. Saman med eit gjennomslag i USA er Siesta-satsinga mykje av forklaringa på at selskapet gått frå 29 millionar kroner i driftsinntekter i 2013 til 39 millionar kroner i driftsinntekter i 2017.
Men lønsemda har vore svak i mange år, og 2017 enda med eit lite underskot (sjå tabell).
Før emisjonen har L.K. Hjelle fem eigarar; Dag Frode Hjelle sitt selskap Hjelle Distribusjon (51,61 prosent), Bjørn og Trond Hjelle (17,74 prosent kvar) og Runar og Bengt Hjelle (6,45 prosent kvar).
Bedrifta har eit veldig stort internasjonalt potensiale

Publisert: 30.11.2018 11:20

Sist oppdatert: 09.04.2021 19:43

Mer om