Brattvåg hotell
BRATTVÅG: Plusstal for Brattvåg Fjordhotell i fjor. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Endeleg opptur etter fem år med tap

Er optimistisk for framtida etter fem tunge år.

04.07.2022

Brattvåg Fjordhotell har tapt pengar kvart år sidan 2016. Spesielt sleit hotellet under pandemien, med stor nedgang i gjestedøgn.

Men i fjor snudde det, der driftsinntektene auka kraftig til 14,8 millionar kroner. Resultatet før skatt enda på pluss, 0,3 millionar kroner, mot ein million i minus året før.

Brattvåg Fjordhotell
Årsresultat (i mill kr) 2021 2020
Driftsinntekter 14,8 9,7
Driftsresultat 0,4 -0,9
Resultat før skatt 0,3 -1

Negativ eigenkapital
Bak hotellet står eigargruppa i Samfjordkvartalet med 80 prosent av aksjane, medan Lindis Flem Harnes eig 20 prosent.

Selskapet har ein eigenkapital på minus 0,5 millionar kroner, men styret skriv i årsrapporten at eigarane om nødvendig er klare til å gå inn med meir kapital eller ansvarlege lån.

37 gjesterom
Men styret forventar ei positiv utvikling framover i takt med at selskapet har opna opp, og har også bokført 0,6 millionar kroner i utsett skattefordel.

Brattvåg Fjordhotell har 37 rom, i tillegg til kurs- og konferanserom, bar og restaurant.

Selskapet hadde 17 årsverk i fjor.

Publisert: 04.07.2022 07:56

Sist oppdatert: 05.07.2022 08:58

Mer om