Endaa ein broennbaat fraa Vestnes
Den nye brønnbåten til selskapet Nord Lofoten vert 63,86 meter lang med ein lastekapasitet på 1200 kubikkmeter.
Nytt

Endå ein brønnbåt frå Vestnes

Aas Mek Verksted byggjer hybridelektrisk brønnbåt til Nord Lofoten.

19.12.2019
Aas Mek Verksted har hanka inn endå ei brønnbåtkontrakt, denne gongen ein brønnbåt av type AAS 1202 STDE-Hybrid til selskapet Nord Lofoten.
Skipet skal byggjast med dieselelektrisk framdrift og batterianlegg, samt ha stor landstraumskapasitet.

Skrova

Aas Mek Verksted opplyser i ei pressemelding at løysinga har stor fokus på miljø med lavt drivstofforbruk og sterkt reduserte utslepp til luft, sjø og støy.
Båten skal ha base hos Ellingsen Seafood på Skrova.
Brønnbåten får ein lastekapasitet på 1200 kubikkmeter. Aas Mek Verksted opplyser at båten er spesielt designa for lukka transport med RSW-kjøling, lav djupgåande for smolttransport og dewatering-system for ferskvassbehandling av fisken.

November 2021

Skroget blir byggjast i utlandet og nybygget skal overleverast reiarlaget i november 2021.
Lenga vert 63,86 meter og breidda 14 meter.
Båten vil ha innreiing for 10 personar.
Brønnbåt Nord Lofoten er eit brønnbåtselskap som vart stifta i 2019, og er eit lokalt samarbeid mellom Brønnbåt Nord og Ellingsen Seafood.
Dette blir andre nybygget frå Vestnes til Brønnbåt Nord.

Publisert: 19.12.2019 16:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:48