Endúr vil hente pengar
Vil ha inn mellom 130 og 160 millionar kroner før torsdag morgon.
Endúr vil hente friske pengar, opplyser selskapet i ei børsmelding onsdag.
Kapitalutvidinga i industriselskapet skal gjennomførast som ein retta emisjon, der mellom andre Artec Holding blir med på kapitalutvidinga.
Ålesund-baserte Artec Holding er største eigar i Endúr, med 27,84 prosent eigarandel. Artec Holding eigde tidlegare ingeniør- og prosjekteringselskapet Arctec Aqua i Ålesund, og vart medeigar i Endúr som ein del av transaksjonen då Endúr kjøpte Artec Aqua.
Poenget med kapitalutvidinga er å auke eigenkapitalen i Endúr i samband med refinansiering av eit obligasjonlån på 810 millionar kroner. Som ein del av refinansieringa har Endúr fått tilsagn om 700 millionar kroner i banklån.
Publisert: 11.01.2023 16:46
Sist oppdatert: 11.01.2023 19:20