Har alltid droeymt om aa starte eiga bedrift
MÅLØY: Hildegunn Fure Osmundsvåg leier eit sjømatselskap med stor vekst. Ho seier at tette band til oppdrettarane gir gode resultat. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Enorm vekst for fersk sjømataktør

I 2018 starta Hildegunn Fure Osmundsvåg Star Seafood saman med andre gründerar. I fjor omsette selskapet for 1,2 milliardar kroner.

15.06.2022

- Ja, det går bra med oss, seier 46-åringen frå Måløy.

Ho leier no eit selskap med tolv tilsette, og fleire blir det.

- Vi er alltid på jakt etter fleire dyktige tilsette med erfaring frå bransjen.

Selskapet auka omsetninga med nesten ein halv milliard frå året før. Resultatet før skatt enda på 11,6 millionar kroner, opp frå 5,4 millionar.

Star Seafood
Årsresultat (i mill kr) 2021 2020
Driftsinntekter 1217 735,8
Driftsresultat 12,9 7,4
Resultat før skatt 11,6 5,4

- Formidabel innsats
Fure Osmundsvåg seier at 2021 var eit år prega av god tilgang på råstoff og med mulegheit til å byggje ut nye marknader og kundekontor.

Ho seier at selskapet har eit stort fokus på kvalitet og på å levere det ein lovar.

- Men i tillegg er det ein heilt formidabel innsats som er lagt ned av dei tilsette.

Ho viser til at selskapet sine leverandørar er av av dei beste i klassen med tanke på kvalitet.

- Vi er heldige som får jobbe med å få deira fisk ut til marknadene. Vi ser at fokuset vårt på tette band mellom oppdrettar og kunde har gitt resultat.

God start på 2022
Hildegunn Fure Osmundsvåg kjem opphavleg frå øya Silda. Ho har vore innom Coast-systemet i Måløy, og før det jobba i Westfish Norwegian Salmon i Ålesund.

Men i perioden 2013 til 2018 var ho Sjømatrådet sin fiskeriutsending i Spania og Den dominikanske republikken, før ho flytta heim for å starte sitt eige selskap saman med ei gruppe andre gründerar, blant anna Øyvind Holvik og John Hodnefjell.

Fure Osmundsvåg seier at selskapet skal vekse vidare.

- 2022 har starta betre samanlikna med første halvår 2021. Vi har ein auke på 10 prosent i volum.

Vi ser at fokuset vårt på tette band mellom oppdrettar og kunde har gitt resultat
Hildegunn Fure Osmundsvåg

Utfordrande flytrafikk
Men det finst også ufordringar som må taklast.

- Logistikk har alltid vore viktig, men i dag er det ein større del av jobben enn før, dette er spesielt for fisken som vi flyg til oversjøiske marknader.

- Der er utrolig mange parameter det er vanskeleg å ta høgde for. Krigen i Ukraina er eit godt eksempel på dette, der ein har fått utfordringar for flytrafikken over Russland.

- Unik posisjon
Hildegunn Fure Osmundsvåg er optimistisk for framtida.

- Laksen har framleis mange mulegheiter for å ta markedsandelar i fleire land. Laksen har rett og slett ein unik posisjon.

Star Seafood har ei rekke aksjonærar frå Måløy og området rundt, fleire av dei tilsette i selskapet.

I tillegg til Hildegunn Fure Osmundsvåg, er det John Hodnefjell, Øyvind Holvik, Thomas Nord Steenslid, Katrine Myklebust, Carlson-familien, Svein og Kristian Skibenes, Magne Årvik og Arne Barmen.

Publisert: 15.06.2022 12:31

Sist oppdatert: 17.06.2022 09:32

Mer om