Enorme opp og nedturar
BØRS: Stor jubel då Axxis Geo Solutions gjekk på børs. Etterpå har det vore mest nedturar, men hardt prøva aksjonærar kan glede seg over litt lysning på tampen av børsåret.
Nytt

Enorme opp- og nedturar

Aksjonærane i Hofseth Biocare, Hexagon Composites og Atlantic Sapphire har hatt eit knallår, men for ein nykomar vart det børskollaps.

31.12.2019
Optimismen var stor då gründer Jogeir Romestrand og styreleiar Rolf Rønningen ringde med børsbjølla 3. juli, og handelen med Axxis Geo Solutions kunne starte på børsen.
Sjølv om nodeseismikkselskapet har adresse Sandvika, og mykje av arbeidet vert styrt frå Houston, Texas, står det svært mykje sunnmørskapital bak satsinga.

Sunnmørs-aksjonærar

Store aksjonærar frå starten av var Sævik-familien gjennom Havila Holding, Remøy Group og Jogeir Romestrand.
Men også Roger Halsebakk, Asbjørn Solevågseide, Frode Kjølås, Peder Stette, Tore Rødal og Asbjørn Hasund var inne blant topp tjue då handelen starta.

Frå 746 til 50 millionar

Og det starta svært godt. Fem børsdagar seinare hadde selskapet auka med 81 prosent i verdi, og vart verdsett til 746 millionar kroner.
Men så starta nedturen.
Etter at aksjen var omsett til 35 kroner på det meste, måtte selskaapet gjennom ein kriseemisjon, der aksjekursen vart dumpa til seks kroner.
Men nedturen hadde berre så vidt starta. Eit oppdrag i Midt-Austen vart utsett, og det vart økonomisk krise for selskapet.
Hovudaksjonær Arne Blystad kasta først korta. Ikkje lenge etterpå gjorde gründer Jogeir Romestrand det same, og aksjekursen stupte til rundt 80 øre aksjen, og ei prising på berre 50 millionar kroner, sjølv etter kapitalinnhenting på 250 millionar.
Men så har det snudd litt. Måndag melde selskapet at Midt-Austen-kontrakten likevel vert starta opp i januar neste år, og aksjekursen spratt opp 19 prosent til 1,25 kroner. Dermed er heile selskapet no prisa til 73,5 millionar kroner.

Store Sævik-tap

Sævik-familien har gjennom Havila Holding satsa over 70 millionar kroner på Axxis Geo Solutions. Familien har hatt eit tungt børsår etter store tap og fallande børskursar for Havila Holding og Havyard Group.
Havila Shipping er no verd berre 70,6 millionar kroner, etter å ha falle vel 10 prosent på børsen i år.
Havyard Group er verd åtte millionar kroner meir, men to tredjedeler av børsverden har forsvunne i år etter tap på ei rekkje prosjekt ved Havyard Leirvik, og sal av MMC First process.
Mangeårig konsernsjef Geir Johan Bakke gjekk også av, men det er uavklara kva som vert den endelege løysinga for det skadeskotne konsernet.
Langt betre har det gått for Fjord1, der Sævik-familien kjøpte seg opp til å eige 66,5 prosent av alle aksjar etter å ha gjort eit overraskande aksjekjøp til 675 millionar kroner.
Børsverdien av Fjord1 har gjennom året gått frå 4,4 milliardar kroner til 3,6 milliardar, men selskapet er ein god utbyteleverandør.

Hofseth- og Hexagon-hopp

Aller best verdivekst har Hofseth Biocare-aksjonærane hatt, der børskursen i løpet av året har hoppa frå 2,50 kroner aksjen til 9,00 kroner då børsen stengde måndag.
Dette prisar Ålesund-selskapet til 2930 millionar kroner.
Eit anna Ålesund-selskap, Hexagon Composites har også stige kraftig på børsen.
Ved årsstart stod aksjen i 25,12 kroner, måndag i 36,35 kroner.
Børsen prisar no Hexagon til 6590 millionar kroner.
Svært god utvikling har også Vikebukt-baserte Atlantic Sapphire hatt.
Heile selskapet er no prisa til solide 9,19 milliardar kroner, nesten ei dobling på eitt år.

Bank-auke

Langt verre har børsåret vore for aksjonærane i Ålesund-baserte Golden Energy Offshore Services.
Måndag stupte aksjekursen over 21 prosent, og heile selskapet er prisa til 128 millionar kroner.
Langt hyggjelegare har det vore å eige eigenkapitalbevis i Sparebanken Møre.
Måndag stod kursen i 317 kroner, noko som prisar heile selskapet til 3,12 milliardar kroner.
Då børsåret starta var kursen 280 kroner

Publisert: 31.12.2019 05:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:48