Nytt
Enova-midlar til Ørsta, Ålesund og Stranda
86 prosjekt i Møre og Romsdal har fått Enova-støtte hittil i år. Mange får støtte til fornybar energibruk i industrien.
22.07.2020
I fjor lanserte Enova ei storstilt satsing på effektiv og fornybar energibruk i industrien. Halvanna år seinare har 111 prosjekt blitt tildelt til saman 184 millionar kroner i støtte frå denne satsinga.
Enova opplyser i ei pressemelding at dei over hundre prosjekta som så langt er innvilga støtte skal til saman bidra til eit samla energiresultat på 238 GWh og kutt i klimagassutslepp på 56 000 tonn CO2.
62 av prosjekta gjeld landstraumtilknytning i oppdrettsnæringa, medan 23 prosjekt skal utnytte spillvarme som ellers ville gått tapt.
Enova opplyser at støttetilbodet skal bidra til at fleire tar i bruk tilgjengelege nullutsleppsløysingar som ikkje vert tatt i bruk i stort nok volum i dag.
Som følgje av , har Enova styrka innsatsen gjennom ytterlegare søknadsrunder, fleire tema og lavare terskel for å kunne søke støtte.
Enova opplyser at neste søknadsfrist innanfor denne ordninga er 17. august.
Bakkegården på Stranda har fått 887.168 kroner i støtte til ny teknologi, medan Kraftbygget Sandane har fått 854.857 kroner og Vik Ørsta 448.608 kroner til ny teknologi.
Enova opplyser i ei pressemelding at dei over hundre prosjekta som så langt er innvilga støtte skal til saman bidra til eit samla energiresultat på 238 GWh og kutt i klimagassutslepp på 56 000 tonn CO2.
62 av prosjekta gjeld landstraumtilknytning i oppdrettsnæringa, medan 23 prosjekt skal utnytte spillvarme som ellers ville gått tapt.
Epax-støtte
Ålesund-selskapet Epax Norway er eitt av selskapa som har fått støtte til varmegjenvinning av kondensert spillvatn. Totalt har selskapet fått vel 1,1 millionar kroner i Enova-støtte.Enova opplyser at støttetilbodet skal bidra til at fleire tar i bruk tilgjengelege nullutsleppsløysingar som ikkje vert tatt i bruk i stort nok volum i dag.
Som følgje av , har Enova styrka innsatsen gjennom ytterlegare søknadsrunder, fleire tema og lavare terskel for å kunne søke støtte.
Enova opplyser at neste søknadsfrist innanfor denne ordninga er 17. august.
Elvarebilar og flaumlys
Av andre prosjekt som Enova har støtta i nordvest i juli månad er 50.000 kroner til elvarebil til Nordfjord Elcom på Stryn og 72.447 kroner til nytt flaumlysanlegg til Hovdebygda IL.Bakkegården på Stranda har fått 887.168 kroner i støtte til ny teknologi, medan Kraftbygget Sandane har fått 854.857 kroner og Vik Ørsta 448.608 kroner til ny teknologi.
Publisert: 22.07.2020 12:27
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:00