Vasto anlegg foto Vasto anlegg
TØFT FJORÅR: Trass kraftig vekst er Vasto Anlegg mellom entreprenørane som er i ein krevjande økonomisk situasjon. Foto: Vasto Anlegg
Nytt

Entreprenør med rekordomsetning – og nytt underskot

Har teke fleire grep for å betre lønsemda.

Marius Rosbach
10.09.2025

Vasto Anlegg har nyleg levert rekneskap for 2024, som viser at Skodje-selskapet er i en krevjande økonomisk situasjon. Det skriv styret i årsmeldinga. 

Omsetninga har auke betydeleg dei siste åra, og det blei sett ny rekord på inntektssida i fjor. Omsetninga steig til 140 millionar kroner. 

Samtidig auka kostnadene slik at botnlinja enda med minus for tredje gong dei siste fem åra. 

Resultatet før skatt vart eit underskot på 4,2 millionar kroner – som er ei lita forbetring frå året før (sjå tabell under)

Vasto Anlegg AS  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt140,8123
Driftsresultat0,6-3
Resultat før skatt-4,4-5,3

Skodje-firmaet er ikkje dei einaste som slit med å halde marginane oppe i entreprenørbransjen. 

Nett No sin resultatoversikt for bransjen på Nordvestlandet, viste at den balanserer på ein knapp resultatmargin i ein marknad prega av knalltøff konkurranse.

Har redusert kostnader og selt driftsmidlar
Styret skriv i årsmeldinga at det er teke fleire grep som har starta å gi effekt. 

Frå starten av fjoråret vart systerselskapet Vasto Pukk innfusjonert, som gjorde at soliditeten blei betre og kostnadene redusert. 

Det er også innført fleire tiltak for å redusere kostnadene, i tillegg til at det er selt driftsmidlar for å frigjere likviditet. 

Hadde 50 årsverk i arbeid i fjor
Vasto Anlegg leverer entreprenørtenester og grunnarbeid for kundar i privat og offentleg sektor. 

Dei har vore i bransjen i over 20 år og har adresse på Håhjem Næringsområde. I fjor hadde selskapet sysselsett 50 årsverk. 

Morselskapet heiter Vasto AS, som er eigd av Lars Even Stokke og Joakim Valde via kvar sine selskap.  

Publisert: 10.09.2025 09:32

Sist oppdatert: 10.09.2025 09:33

Mer om