Nytt
Er i rute og halvvegs gjennom tunnelane
Mange av dei nær 500 personane som jobber på Nordøyvegen, er tilsett i kring 25 bedrifter på Nordvestlandet.
Marius Rosbach
06.06.2020
For dei som ikkje kjenner Nordøyvegen kan vi starta med ei lita oppsummering: Samferdsleprosjektet skal gi veg for kring 2700 innbyggjarar på Nordøyane, over til Ålesund og fastlandet. Prisen for bygginga er på 4,9 milliardar og vegen skal etter planen takast i bruk sommaren 2022.
For å halde oss til dei store linjene, så kan prosjektleiar Marianne Nærø fortelje at bygginga er i rute og i tråd med kostnadsberekningane: – Det er ingen endringar i sluttprisen for kontrakten, forsikrar ho til NETT NO.
– Vi bygger til saman tre undersjøiske tunnelar og no er vi komne halvvegs i tunneldrivinga, fortel Nærø.
Etter at siste salve frå Austnes-sida, flyttast tunnelriggen til Harøy – den nordlegaste av øyane for vidare arbeid. Resten av tunneldrivinga på Haramsfjordtunnelen skal drivast frå Hestøya i sundet ved Lepsøyrevet.
Skanska er hovudentreprenør og held styr på tilsette frå nær 70 ulike firma. I mai talde dei 424 personar ute på sjølve anlegget. I tillegg kjem kring 35 personar i organisasjonen til Nordøyvegen – pluss at det er folk i arbeid med prosjektet både i vegvesenet og gjennom ulike konsulentoppdrag.
Til saman betyr det at nærare 500 personar er involverte.
– Logistikken er den største utfordringa. Vi bygger overalt - og då må alle gjere det dei skal, der dei skal. Alt heng saman og det er mange prosjekt i prosjektet, fortel Nærø.
Samtidig som dei skal drive tunnelar, skal til dømes steinen som hentast ut, fraktast til rett plass på sjøfyllinga i Lepsøyrevet – der ein av bruene skal byggjast.
Prosjektleiaren påpeiker at godt samarbeid med hovudentreprenøren Skanska, har vore avgjerande for å halde skjema: – Her har vi fått rett folk på plass, understrekar ho.
– Det er også mange lokalt tilsette i Skanska, og Eide er ein plass det kjem mange tunnelarbeidarar frå. Vi ser at det er mange lokale namn som dukkar opp, også lengre sørfrå, som Nordfjord og Sogn, legg ho til.
Utover sommaren vil folk sjå dei nær 40 meter høge brusøylene reise seg i sundet. I september skal sjølve køyrebana på plass ved hjelp av store kraner.
– Køyrebana er no i produksjon i Polen og kjem på lekter hit, så blir den heist på plass. Utover sommaren blir det enormt med aktivitet for å få brufundamenta klare til å montere stål på, seier prosjektleiaren.
Sjå fleire bilde og les om prosjektet på (ekstern lenke)
For å halde oss til dei store linjene, så kan prosjektleiar Marianne Nærø fortelje at bygginga er i rute og i tråd med kostnadsberekningane: – Det er ingen endringar i sluttprisen for kontrakten, forsikrar ho til NETT NO.
Halvegs i tunneldrivinga
Nyleg kunne dei markere at dei var halvvegs med å lage 12,9 kilometer med tunnel.– Vi bygger til saman tre undersjøiske tunnelar og no er vi komne halvvegs i tunneldrivinga, fortel Nærø.
Etter at siste salve frå Austnes-sida, flyttast tunnelriggen til Harøy – den nordlegaste av øyane for vidare arbeid. Resten av tunneldrivinga på Haramsfjordtunnelen skal drivast frå Hestøya i sundet ved Lepsøyrevet.
Nærare 500 involverte
Prosjektleiar Marianne Nerø er den som held i trådane på oppdrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune, som er byggherre for prosjektet. Hennar oppgåve er i første rekke å kontrollere at alle firma som kjem inn i prosjektet er kvalifisert.Skanska er hovudentreprenør og held styr på tilsette frå nær 70 ulike firma. I mai talde dei 424 personar ute på sjølve anlegget. I tillegg kjem kring 35 personar i organisasjonen til Nordøyvegen – pluss at det er folk i arbeid med prosjektet både i vegvesenet og gjennom ulike konsulentoppdrag.
Til saman betyr det at nærare 500 personar er involverte.
– Logistikken er den største utfordringa. Vi bygger overalt - og då må alle gjere det dei skal, der dei skal. Alt heng saman og det er mange prosjekt i prosjektet, fortel Nærø.
Samtidig som dei skal drive tunnelar, skal til dømes steinen som hentast ut, fraktast til rett plass på sjøfyllinga i Lepsøyrevet – der ein av bruene skal byggjast.
Prosjektleiaren påpeiker at godt samarbeid med hovudentreprenøren Skanska, har vore avgjerande for å halde skjema: – Her har vi fått rett folk på plass, understrekar ho.
Store lokale ringverknader
Fleire enn 25 av bedriftene (sjå oversikt under) som på ulike vis har arbeid med Nordøyvegen, har adresse på Nordvestlandet. Nerø har ikkje tal på kor mange tilsette som er busett lokalt – men seier det er betydeleg. Og dei aller fleste er nordmenn.– Det er også mange lokalt tilsette i Skanska, og Eide er ein plass det kjem mange tunnelarbeidarar frå. Vi ser at det er mange lokale namn som dukkar opp, også lengre sørfrå, som Nordfjord og Sogn, legg ho til.
Skal heise på plass køyrebana
I tillegg til dei nemnte 12,9 kilometrane med tunnel, skal dei bygge tre bruer på til saman drygt 1100 meter, ny veg over Fjørtofta og ein 2,7 kilometer lang veg på ei sjøfylling ved Lepsøyrevet.Utover sommaren vil folk sjå dei nær 40 meter høge brusøylene reise seg i sundet. I september skal sjølve køyrebana på plass ved hjelp av store kraner.
– Køyrebana er no i produksjon i Polen og kjem på lekter hit, så blir den heist på plass. Utover sommaren blir det enormt med aktivitet for å få brufundamenta klare til å montere stål på, seier prosjektleiaren.
Les også:
Sjå fleire bilde og les om prosjektet på (ekstern lenke)
Leverandørar til Nordøyvegen
(lokale firma med adresse i parentes)- Aarstad & Bjørnhaug bemanning
- ABO Høvelservice AS (Tennfjord)
- ACO anlegg (Tennfjord)
- ACO transport AS (Tennfjord)
- Adecco Solutions AS
- AK Marine AS
- Aksel Abottnes
- Alfa Eiendomservice (Molde)
- Alseth Engineering
- AS Amundsen diving
- B Sveinsson Anlegg AS
- BB Crewing AS
- Blom byggservice
- Bon Service OU (Estland)
- Brattvaag Electro (Brattvåg)
- Bravida Norge
- Bukser og berging (Ålesund)
- Busengdal Transport (Stordal)
- Entreprenørservice
- Ferdigbetong AS
- Harestad elektriske
- Haugholt Anleggsservice AS
- Implenia Norge
- Ingelsrud gård DA
- Jakobsen transport
- John Morten Sandvik AS
- Johs. J. Syltern
- K. Ødegård undervannsservice AS (Eide)
- Karlsen Undervannsservice
- KB Spennteknikk
- Longva Maskin (Brattvåg)
- Lyster Diving (Eidsvåg)
- Manpower
- Master Sealing technology
- MBT Personalrespons AS
- Mesta
- Mjelde bygg AS
- Module piping (Tomrefjord)
- Møre entreprenør (Ålesund)
- Møre miljøsanering AS (Stranda)
- NCC Industry, avd. Hercules Fundamentering
- Nordvest fjellsprenging, (Vatne)
- Norsk Boreteknikk (Ålesund)
- Norwest AS (Haramsøy)
- Odin tilkomstservice AS (Kristiansund)
- Opshaug Sandtak (Stranda)
- Polarmatic OY
- Prosystem
- Rauma Cata OY
- Robert Engdahl
- Roger Jordalen maskin AS
- Røbecks
- SH Service og montasje
- Sjøentreprenøren AS
- Skog-kompaniet AS
- Smørholm AS
- Spor
- ST Interiør
- Steen Betongpumping
- T Engene
- T. Røbekk (Langevåg)
- Taraldsvik Services
- Thors biltransport Thor Bentsen
- Toten transport
- Trio maskinlag AS (Vestnes)
- Tronds Marine Service
- TT Anlegg 2 AS
- Unicon (Ørsta/Stette )
- UtleieCompagniet
- Vassbakk & stol AS
- Vasto Pukk AS (Skodje)
- Veidekke entreprenør AS
- Veøy Møre (Ålesund)
- Wasa Dredging
- Wexus gruppen
- Borg Armering
- Dekkmann
- Johansen V.V.S AS (Brattvåg)
- Nordic Crane Midtnorge (Skodje)
- Storfjord Betongsaging AS (Skodje)
- Odd Småge (Aukra)
Vi bygger overalt - og då må alle gjere det dei skal, der dei skal. Alt heng saman og det er mange prosjekt i prosjektet
Publisert: 06.06.2020 05:55
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:58