Nytt
Er optimist etter brutal start som hotelldirektør
- Hei, eg heiter Sigmund, ver så god her er permitteringsvarselet ditt.
17.06.2020
Slik karakteriserer Sigmund Vika sine første dagar som hotelldirektør ved Sagafjord hotell på Sæbø.
Han vart tilsett 1. mars, og var så vidt komen på plass, før han måtte orientere dei tilsette om at alle vart permitterte.
- Vi skulle ha fleire bryllaup og mange store grupper. Blant anna skulle vi ha to tyske og to amerikanske grupper som skulle vere her ti dagar kvar.
- Det skulle verte den beste sommaren hittil. Og så forsvann alt over natta. Det var brutalt, seier Vika.
Men no er alle dei tolv permitterte tilbake i arbeid.
- Vi har ein fantastisk stab, som både er fleksible og solidariske.
I mai opna hotellet opp att i helgane, men no er det full drift.
- Vi har gradvis opna opp att, men vi overheld koronarestriksjonane. Blant anna har vi ikkje frukostbuffet, men ein ferdig frukost-tallerken som vi har fått mykje skryt for.
- Dette har vore så populært at vi kanskje vil halde fram med det.
- Det ser bra ut. 95 prosent av bestillingane er frå nordmenn, men frå 15. juni har vi også fått nokre bestillingar frå Danmark.
- Og for neste år har vi bestillingar frå USA og andre stader.
- Det som er mest spennande er korleis det går med bedrifts- og konferansemarknaden til hausten.
Sigmund Vika seier at han har forelska seg i Sæbø.
- Ein fantastisk stad. Eg sa ja med ein gong Wenche Gjørtz, ein av eigarane, spurde om eg ville ta denne jobben.
- Eg angrar slett ikkje.
Vika kjem sjølv frå ei lita bygd på Bømlo, men han har lang erfaring i hotellbransjen, blant anna frå åtte år ved Røros Hotell.
- Vi skal slett ikkje verte eit spahotell, men vi skal blant anna ha utandørs jacuzzi.
- Vi skal også renovere ein del av dei 40 roma, utvide restaurantdelen, og byggje glasvegg mot sjøen.
- Vi er heldige som har eigarar som satsar (Gjørtz, Ingebrigtsen, Tryggestad, red merk).
Vika har også henta inn fleire som han har arbeidd med tidlegare, som den danske kjøkensjefen Tom Jensen.
- Vi skal utvikle Sagafjord hotell, ikkje minst innanfor konferansemarknaden og tilstellingar.
- Det skjer mykje positivt rundt reiselivssatsingar på Sæbø og rundt Hjørundfjorden.
- Herifrå kan ein nå mykje på kort tid.
Han seier at båtruta frå Ålesund til Hjørundfjorden også er viktig.
- Det er viktig for lett å transportere folk frå Ålesund og hit, men den er også viktig for at folk herifrå enkelt kan ta seg ein bytur.
Han vart tilsett 1. mars, og var så vidt komen på plass, før han måtte orientere dei tilsette om at alle vart permitterte.
- Vi skulle ha fleire bryllaup og mange store grupper. Blant anna skulle vi ha to tyske og to amerikanske grupper som skulle vere her ti dagar kvar.
- Det skulle verte den beste sommaren hittil. Og så forsvann alt over natta. Det var brutalt, seier Vika.
Men no er alle dei tolv permitterte tilbake i arbeid.
Frukost-tallerken
Vika rosar dei tilsette.- Vi har ein fantastisk stab, som både er fleksible og solidariske.
I mai opna hotellet opp att i helgane, men no er det full drift.
- Vi har gradvis opna opp att, men vi overheld koronarestriksjonane. Blant anna har vi ikkje frukostbuffet, men ein ferdig frukost-tallerken som vi har fått mykje skryt for.
- Dette har vore så populært at vi kanskje vil halde fram med det.
Bra sommar - spent på hausten
Frå å vere eit hotell med svært mykje utanlandske gjestar om sommaren, er ein no avhengig av at nordmenn ferierer i eige land denne sommaren.- Det ser bra ut. 95 prosent av bestillingane er frå nordmenn, men frå 15. juni har vi også fått nokre bestillingar frå Danmark.
- Og for neste år har vi bestillingar frå USA og andre stader.
- Det som er mest spennande er korleis det går med bedrifts- og konferansemarknaden til hausten.
Sigmund Vika seier at han har forelska seg i Sæbø.
- Ein fantastisk stad. Eg sa ja med ein gong Wenche Gjørtz, ein av eigarane, spurde om eg ville ta denne jobben.
- Eg angrar slett ikkje.
Vika kjem sjølv frå ei lita bygd på Bømlo, men han har lang erfaring i hotellbransjen, blant anna frå åtte år ved Røros Hotell.
Utviklar hotellet
Han har også vore dagleg leiar Holmsbu Hotell & Spa og Hankø Hotell & Spa, og no skal det også byggjast ei spaavdeling ved Sæbø-hotellet.- Vi skal slett ikkje verte eit spahotell, men vi skal blant anna ha utandørs jacuzzi.
- Vi skal også renovere ein del av dei 40 roma, utvide restaurantdelen, og byggje glasvegg mot sjøen.
- Vi er heldige som har eigarar som satsar (Gjørtz, Ingebrigtsen, Tryggestad, red merk).
Vika har også henta inn fleire som han har arbeidd med tidlegare, som den danske kjøkensjefen Tom Jensen.
- Vi skal utvikle Sagafjord hotell, ikkje minst innanfor konferansemarknaden og tilstellingar.
Satsar lokalt
På menyen står mat frå lokale produsentar. Endåtil ein del av vinen er ferdigprodusert på Sæbø av selskapet Pennesiwines.- Det skjer mykje positivt rundt reiselivssatsingar på Sæbø og rundt Hjørundfjorden.
- Herifrå kan ein nå mykje på kort tid.
Han seier at båtruta frå Ålesund til Hjørundfjorden også er viktig.
- Det er viktig for lett å transportere folk frå Ålesund og hit, men den er også viktig for at folk herifrå enkelt kan ta seg ein bytur.
Det skulle verte den beste sommaren hittil. Og så forsvann alt over natta
Publisert: 17.06.2020 05:55
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:58