Er overtydd om at folk vil ut og reise igjen
FLEIRE BRANSJER: Flakk Gruppen har verksemder i ein rekke ulike bransjer. Måndag var Knut Flakk på Fiskerstrand verft for å snakke om hydrogenprosjektet i Hellesylt. 
Nytt

Er overtydd om at folk vil ut og reise igjen

Knut Flakk trur utanlandske turistar kjem tilbake til Norge så fort dei får sjansen – men at delar av hotellbransjen kan bli varig endra.

Marius Rosbach
19.05.2020

Trass i tøffe tider, er Knut Flakk optimist på vegner av reiselivsbransjen og trur dei utanlandske turistane kjem tilbake til Norge når koronasituasjonen normaliserer seg.

– Eg trur definitivt at folk framleis har lyst til å reise, seier han til NETT NO.

Stor pågang frå norske reisande
Etter at koronapandemien har sett ein stoppar for stort sett alt besøk frå utlandet, er naturleg nok dei tre hotella i Flakk Gruppen hardt råka. Både Storfjorden Hotel, Hotel Brosundet og Hotel Union Øya har vore stengt ein periode – men no er alle i drift att.

– Vi har begynt å kome i sving igjen og ser at det er veldig bra trykk for besøk til sommaren når det gjeld den norske marknaden. Vi får truleg lite utlendingar, men desto fleire nordmenn, fortel han.

NETT NO omtala nyleg korleis Øye-hotellet opplevde stor pågang frå norske gjestar som ville kome på besøk, og Flakk fortel at juli månad begynner å fyllast opp.

Mange vil kome seinare
Flakk trur også at dei utanlandske gjestane kjem tilbake så fort de får sjansen.

– Og det er eigentleg veldig få frå utlandet som har avbestilt. I staden har dei flytta reisa til seinare på hausten, eller til neste år, fortel han.

For augneblinken er mykje usikkert og avhenger av kva reiserestriksjonar styresmaktene vil vidareføre. Flakk påpeiker at dei er fleksible når det kjem til kanselleringar og ser an situasjonen.

– Om det blir vanskeleg til hausten også, må vi akseptere at dei kjem ein gong seinare, eller til neste år, seier han.

Les også: Fleire hotell opnar att

Ålesund-hotell med hell i uhell

Øye-hotell med stor pågang frå norske gjestar

Meir usikkert for forretningsreiser
Flakk trur at delar av hotellbransjen kan få merke konsekvensane i lengre tid, spesielt på forretningsreiser. I løpet av dei siste par månadene har til dømes fleire konferansar blitt arrangert via nett – i første rekke fordi det ikkje har vore noko alternativ.

– Eg trur næringa må tilpasse seg den nye verkelegheita, også vil vi sjå etter kvart korleis den blir. Men at det kan bli ein del mindre kurs og konferanseverksemd framover skal ein ikkje så vekk frå. Det kan i staden bli meir nettbasert. Det betyr at ein må tilpasse kapasitet og konsept, seier han.

Har fått kontantstøtte
Både Hotel Brosundet og Storfjorden Hotel er på lista over bedrifter som har motteke kontantstøtte frå styresmaktene – høvesvis 234.847 og 76.601 for mars månad.

Denne kompensasjonen skal gå til å dekke faste utgifter som til dømes husleige. I tillegg tek staten rekninga for permitteringar i bedriftene og har kutta momsen på overnatting Det er også mogleg å få rimelege lån. Det siste er lite aktuelt meiner Flakk.

– Det er ikkje lån som er det viktige, men at bedriftene får tilstrekkeleg kontantkompensasjon og støtte i perioden fram til ting normaliserer seg, seier han.

Vurderer endring av krisetiltak
På regjeringa sin pressekonferanse måndag påpeika justisminister Monica Mæland at regjeringa no vurderte om kompensasjonsordninga skulle vidareførast utover mai – eller om den skal erstattast med ordningar som i større grad fører til aktivitet.

Då næringsminister Iselin Nybø i slutten av april hadde innspelsmøte med reiselivet var eit tilskott til lønn mellom tiltaka som blei nemnt, og statsråden stilte seg ikkje avvisande til eit slikt tiltak.

Les også: Haagensen-hotellene får 1,7 mill. i koronastøtte

Richard Grov: – Kontantstøtten er konkurransevridande

Lita pause for hotellplanlegging
Flakk Gruppen har planar om fleire nye hotell, men planlegginga av desse har ei periode vore sett på vent.

– Vi sette fleire prosjekt på hald i seks veker. Men til dømes ved Ljøen har vi teke opp arbeidet igjen, og her jobbar vi med prosjektering og reguleringsplan, fortel han.

Ljøen i Stranda er planen at arkitektane i Snøhetta skal teikne Basecamp Hotel, som rettar seg mot aktive reisande. Flakk Gruppen har også gitt innspel til Stranda kommune om å få regulert inn eit hotell på sørsida av Fursetnakken ved Strandafjellet.

Les også: Flakk med nye hotellplanar

Ga grønt lys for vidare arbeid med Snøhetta-hotell

Flakk-hotell med første overskudd på fem år


Publisert: 19.05.2020 05:55

Sist oppdatert: 07.07.2022 16:05