Den store maritime messa Nor-Shipping er ein møteplass for fleire enn berre verft, reiarlag og skipsdesignarar. Aalesund Protective Wear er mellom ein rekke bedrifter frå Nordvestlandet som er utstillarar i år.
Lill E. Tømmerdal og Christoffer Bårdsgjerde jobbar med sal og kundekontakt hos kle- og utstyrsleverandøren, og fortel at det er andre gong bedrifta har eigen stand.
Duoen er ikkje i tvil om at det har ein effekt å vere til stades.
Kapra rekordkontrakt under førre messe
Under førre Nor-Shipping-messa trefte dei til eksempel servicebåtreiarlaget Frøy – som etter kvart enda med den til då største kontrakten Aalesund Protective Wear hadde sikra seg.
– Det har óg kome inn fleire større ordrar i etterkant av 2023-messa, fortel Tømmerdal til Nett No.
– Det er alt frå verft, til maritim industri og ulike reiarlag som kjem innom. Det er også ein fordel at vi har merkevarer som er innafor fleire segment. Det gjer at vi kan levere breitt, fortel Bårdsgjerde.
– Vi har også treft andre store kundar her
Rett ved standen til Aalesund Protective Wear står ein anna større kunde, der kontakten blei oppretta under Nor-Shipping i 2023.
Seat Innovation lagar stolar om bord på passasjerbåtar – og har integrert Regatta Kon-Tiki Mini evakueringsvestar frå Aalesund Protective Wear i sine stolar.
– Vi har også treft andre store kundar her, som kan bli større etter kvart, legg Tømmerdal til.
Tidlegare i veka fortalde selskapet om ei største kontrakt nokon gong med Tradebroker, ein av landets største innkjøpsorganisasjonar.
Den kom på plass uavhengig av messe-deltaking. Bårdsgjerde fortel at dei har jobba med avtalen i lengre tid, og at det første Teams-møtet skjedde for halvanna år sidan.
Krav til sikkerheit og berekraft er drivarar
Selskapet som har mellom anna Aalesund Oljeklede og Strakofa Workwear i sin portefølje, har dei siste åra også fått merkevarene Blæst og Regatta innunder sin paraply.
Tømmerdal fortel at høgare krav til sikkerheit og berekraft, er drivarar i deira marknad. Samtidig sett yngre generasjonar auka krav til produkta.
– Produkta blir også meir teknisk avanserte når det gjeld vannsøyle og sertifiseringar. Kundane er også villige til å bruke meir pengar på å få klede som er meir komfortable og slitesterke, legg Bårdsgjerde til.
Publisert: 03.06.2025 15:35
Sist oppdatert: 03.06.2025 19:35






