Ervik vil selje tomt
PANT: Stig Remøys tidlegare partnarar i drifta av krilltrålaren Juvel (biletet) har overtatt tomta der Remøy planla krillfabrikk og hovedkontor.
Nytt

Ervik vil selje tomt

Ervik Marine Services vil selje industritomta i Herøy som selskapet tok over etter MJ Eigedom-konkursen.

11.04.2020
- Det er ein del interesse rundt den, seier Jørgen Ervik i Ervik Marine Services i Ålesund om tomta på Mjølstadneset i Herøy der Stig Remøy hadde planar om krillfabrikk og nytt hovudkontor.

No er det Ervik Marine Services i Ålesund som står som formell eigar av tomta, men avtalar gjer at også dei andre av Stig Remøys tidlegare partnarane i krillfiske-reiarlaget Emerald Fisheries er medeigarar; Frode Igland as, Fagerlia as og Støylebakken as.

Ikkje travelt

Ervik seier dei nye eigarane ikkje har planar om å utvikle tomta i eigen regi. Den skal seljast, men eigarane har det ikkje travelt, i følgje Ervik.
Ervik og dei andre minoritetseigarane fekk pant i tomta etter å ha kravd å bli løyst ut av Emerald Fisheries. Lagmannsretten fastsette verdien av aksjane deira til 22,5 millionar kroner, men då MJ Eigedom (tidlegare Olympic Holding) gjekk konkurs blei kravet ein del av bubehandlinga og tomta blei formelt overtatt 21. desember i fjor.

Takka nei

Tomta er regulert til fiskeriformål. Den tinglyste verdien er 7,7 millionar kroner, og kravet frå Ervik Marine Services og dei øvrige minoritetseigarane i Emerald Fisheries mot konkursbuet blir tilsvarande redusert.
Herøy kommune hadde forkjøpsrett til tomta, men takka nei til å kjøpe den i 2017.

Publisert: 11.04.2020 18:47

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:30