Etablerer gruendersenter i Sykkylven
NYTT TILBOD: Deler av andreetasjen i bygget bak leiar for Sykkylven Næringsutvikling, Åsne Folstad, og ordførar Odd Jostein Drotninghaug, skal blir møteplass og arbeidsplas for nystarta bedrifter, små selskap og personar som vil ha eit kontorfellesskap.
Nytt

Etablerer gründersenter i Sykkylven

Til våren flyttar Sykkylven Næringsutvikling og Hoppid-kontoret inn i nye sentrumslokale og opnar dørene for fleire.

08.02.2021
Her kan det blir plass til nye bedrifter, eller personar og små selskap som vil ha kontorplass i eit fellesskap. Gründerar skal både få ein kontorplass å drive frå, og råd og rettleiing i startfasen, fortel Åsne Folstad, leiar for Sykkylven Næringsutvikling.
Kommunen ser også at det er mange personar som arbeider for firma utanfor kommunen, men som har base i Sykkylven. Dei kan vere interesserte i eit tilbod som dette, seier ordførar og styreleiar for omstillingsprosjektet, Odd Jostein Drotninghaug.
Planen er å leige ut kontorplass både til dei som treng møtelokale, dei som treng ein plass berre nokre timar, og til dei som ønskjer meir langsiktig avtalar, fortel Folstad.
- Det skal vere ein møteplass, seier ho.

Omstilling

Prosjektleiaren for omstillingsprosjektet skal også inn i det nye kontoret.
Møbelindustrien, med Ekornes i spissen, er den viktigast industrien i Sykkylven. Omstillingsprosjektet skal mellom anna bidra til at næringslivet i Sykkylven får fleire bein å stå på, utvikle reiseliv- og opplevingsnæringa og bidra til at tilbodet frå kommunen blir meir næringslivsvennleg.

Les også:



Går alt som Folstad vil, skal kontoret også huse Sykkylven-avdelinga til det nasjonale senteret for møbel-, tekstil-, interiør- og moteindustrien, som er planlagt lagt til Sykkylven og Oslo.
Sykkylven Næringsutvikling administrere i dag både produksjonstuviklingsamarbeidet Møbelfront og samarbeidet for å utvikle og ta i bruk ny strikketeknologi, 3D Knitting Technology. Det er oppgåver som blir med inn i dei nye lokala.

Kommune og næringsliv

Sykkylven Næringsutvikling fungerer mellom anna som kommunen si næringsavdeling og er eigd 52/48 av Sykkylven kommune og næringslivet i kommunen, gjennom Sykkylven Industri og Næringslag.
Sykkylven Næringsutvikling markerte 30-årsjubileum med ein konferanse i 2019.

Då koronaepidenien og tiltaka mot den kom i mars 2020, førte det til omfattande permitteringar, som sende Sykkylven til topp i arbeidsløysestatistikken.
Etter kort tid såg industrien at folk pussa opp og kjøpte nye møblar. Tidleg i november 2020 låg mange av produsentane betre an enn på same tid i 2019, trass i koronaepidemen.

Publisert: 08.02.2021 16:09

Sist oppdatert: 13.02.2022 10:52